More

    The Championship: haustens lag

    Det nærma seg halvspelt serie i Championship, ein sesong som er rekordjamn. Kven har gjort det best til no, og kven blir dermed tatt ut på «årets lag» etter 21 kampar?
    Vi tar utgangspunkt i ein kjedeleg 4-4-2, og må sjølvsagt ha ein trenar med.
    Keeper:
    • Luke Southwood får keeperplassen. Då førstelagskeeper Rafael brakk handa i sinne etter femte serierunde kom 24-åringen Southwood inn. Plutseleg slapp Reading inn mykje færre mål sjølv om motstandarane slapp til like mange sjansar (flest i ligaen).  Simon Moore for Coventry var nær men må ta til takke med benken.
    Forsvar:

    • Max Lowe har berre spelt 13 kampar for Forest denne sesongen, men han har vore svært delaktig i den stigande formkurva deira i haust. Backen har spelt så bra at Sheffield United angra stort på at dei lånte han ut. Er ute med skade no og er ikkje tilbake før på nyåret, men har uansett gjort nok til å få komme med.
    • Kyle Bartley er ein ringrev som held koken. Midtstopparen til WBA har stått stødig heile hausten og bidratt til at WBA har færrast baklengs. To skåringar har han også bidratt med i deira kamp om direkte opprykk.
    • Harry Souttar var kanskje den beste stopparen i ligaen fram til han pådrog seg ein stygg skade i midten av november. Den sette han ut av spel for resten av sesongen, og håpet om overgang til Premier League i januar røyk. Mannen frå Australia var uansett ei klippe fram til det og skal sjølvsagt vere med her. Tar plassen framfor QPRs Rob Dickie.
    • Darnell Furlong tar denne backplassen, i hard konkurranse med fleire. Bidrar ekstremt i det offensive spelet til WBA som vingback i tillegg til solid bakover. Tar plassen framfor Denis Odoi i Fulham og James Bree i Luton.
    Midtbane:

    • Philip Billing har storspelt på Bournemouth si midtbane denne sesongen. Sju mål og fire målgjevande for dansken som ikkje er mindre aktuell for større klubbar no. Svært delaktig i Bournemouth si rekke på 15 strake utan tap.
    • John Swift var i starten av sesongen ligaens soleklart beste spelar. Han storspelte for eit Reading som elles har hatt ein tung haust. Utan Swift hadde Reading vore klar for nedrykk allereie, neida. Åtte mål og ni målgjevande på sine første 21 kampar. Det er ikkje rart han er høgaktuell for Premier League i januarvindauget.
    • Harry Wilson er igjen klasse på dette nivået. No var det slutt på låneopphald og den første tida i Fulham har gått akkurat som forventa. Storspel og poengkonge. Seks mål og sju målgjevande for eit Fulham-tog som har vore ustoppelege den siste tida. Knipe plassen framfor auga til Alex Mowatt.
    • Sorba Thomas starta 2021 i Boreham Wood og avslutta med VM-kvalifisering for Wales og storspel for Huddersfield. Eit mål og åtte målgjevande har det blitt for 22-åringen som har tatt Championship med storm. Jaidon Anthony og Chris Willock var nær men må sjå seg slått på målstreken.
    Angrep:

    • Aleksandar Mitrovic: Man kan ikkje ta ut eit lag utan han. Elleville 22 mål på sine første 21 kampar skal nesten ikkje vere mogleg. Ingenting kan stoppe den store serbaren denne sesongen, som og har fem målgjevande. Har blitt kåra til månadens spelar i Championship heile tre månader denne sesongen.
    • Ben Brereton Diaz: Det var ein tett duell mellom han og Dominic Solanke, men Brereton tar det både fordi han har skåra eit mål meir med sine 17, men og fordi han har blitt ein kulthelt som har skåra langt fleire magiske mål enn sin konkurrent. For ein haust Blackburn-helten har hatt.
    Trenar: 

    • Mark Warburton: Det stod til slutt mellom Tony Mowbray, Mark Warburton og kanskje Mark Robins. Til slutt landa eg på Mark Warburton for det solide QPR-laget han har skapt. Fått fram det beste i talentfulle spelarar, som blant andre Chris Willock og Ilias Chair. Får han i gang spissane og så skal du sjå at topp to blir nervøse. Blei månadens manager i november.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen