Tysdag blei det spelt fire kampar. Derby County tok ein ny siger ved å slå Hull 3-1. Stoke knuste Swansea 3-0 etter debutantmål av Jaden Philogene-Bidace og ny skåring av nye Lewis Baker. Elijah Adebayo si straffe mot Barnsley sikra Luton 2-1 siger og dermed klatra dei heilt opp i ryggen på WBA. Coventry og Blackpool trengte begge ein siger for å henge med i playoff. Den enda 1-1.
Preston North End – Huddersfield Town:
Preston har sakte men sikkert sneke seg oppover på tabellen etter at Ryan Lowe kom inn som manager. Sidan tapet mot Blackburn i starten av desember har laget 4-4-1 på sine ni siste kampar. Laget er før runda på ein ellevte plass med fire poeng opp til WBA som innehar siste playoff-plass. Det skal seiast at Preston er eit av få lag som fekk gjennomført alle sine kampar i desember og har dermed litt fleire kampar enn laga rundt seg. Uansett, bortesigre mot både WBA, Hull og Stoke i denne perioden seie sitt. Preston har blitt ei lei nøtt igjen. Det skal seiast at deira to siste heime på Deepdale har vore minutt unna nederlag, men dansken Emil Riis Jakobsen har både mot Sheffield United og Bristol City ordna 2-2 på overtid. Sist kamp mot Hull var det låneguten Cameron Archer som blei matchvinnar. Han skåra og i bortesigeren mot WBA veka før. Det er litt synd at Preston ikkje spelar på bortebane i dag. Dei har nemleg vunne sine fire siste bortekampar i midtveke. Men dei er ikkje så aller verst heime heller. Berre to tap der denne sesongen og på ei fin rekke med fem kampar ubesigra der.
Huddersfield sneik seg vidare i cupen mot Barnsley og kunne dermed innkassere sin tolvte kamp på rad utan tap i cup og liga. Ikkje nok med at dei slo ut Burnley i FA-cupen tidlegare i år, så har dei på sine fire siste bortekampar i ligaen vunne tre og spelt ein uavgjort. 1-0 over Forest, 0-0 mot Blackburn og festfotballen med resultata 3-2 og 4-3 over Bristol City og Reading. Det er kjekt å være Huddersfield-fan igjen. I vindauget henta dei tilbake Carel Eiting som var på lån i fjor. Han blei ein yndling då og kan fort bli det igjen. Ein anna tidlegare yndling skåra sitt første mål etter heimkomsten. Jordan Rhodes fekk endeleg det etterlengta Huddersfield-målet i 2-0 sigeren over Derby sist. Han hadde då ikkje skåra for Huddersfield sidan 2012.
Isaiah Brown får ikkje sjansen til å spele mot gamleklubben sin her. Brown, som kom til Preston frå Chelsea i sommar har enda til gode å spele for klubben, men nærma seg skadefri no. Josh Murphy Tom Barkhuizen og Sean Maguire er og ute for heimelaget. Alex Vallejo, Levi Colwill, Ronaldo Aarons og Pipa er alle ute for bortelaget. Sistnemnte måtte ut i helga og vi rekna med at han ikkje er klar til denne.
Mogleg lagoppstilling:Preston North End (3-4-1-2): Daniel Iversen; Andrew Hughes, Patrick Bauer, Sepp van den Berg; Greg Cunningham, Alistair McCann, Ben Whiteman, Brad Potts; Alan Browne; Cameron Archer, Emil Riis JakobsenHuddersfield Town (4-4-2): Lee Nicholls; Oliver Turton, Tom Lees, Matthew Pearson, Harry Tofolo; Sorba Thomas, Jonathan Hogg, Lewis O’Brien, Duane Holmes; Danel Sinani, Daniel Ward
Odds, Norsk Tipping:H: 2.10
U: 3.10
B: 3.35
Dei resterende kampane:
Blackburn – Nottingham Forest: Blackburn fekk enorme skadeproblem akkurat i det dei hadde kjempa seg til andreplassen i Championship. Det har dermed blitt to tap på dei fire siste, sjølv om man kan sei at dei hadde fortent betre både mot Hull og Swansea sist. Sist heimekamp blei det derimot tre poeng i då Sam Gallagher sikra 1-0 over Boro. Har fleire tilbake frå skade og i tillegg har nye Hedges og Giles fått ein kamp med laget no. Ben Brereton Diaz er tilbake frå start her etter å ha gått glipp av fleire kampar grunna landslagsspel for Chile. Får ein tøff jobb med å behalde andreplassen i møte mot formlaget Nottingham Forest. For ein oppvisning mot Leicester i FA-cupen på søndag. 4-1 blei det etter mål av Zinckernagel, Johnson, Worrall og Spence. Høgresida med Johnson og Spence er ligaens råaste for tida. Mista sjansen til å ta seg opp på playoff sist serierunde då dei tapte 1-2 borte mot Cardiff. Det var ein strek i rekninga. Har tapt to av sine tre siste på bortebane. Lewis Grabban er ute i lang tid, men Keinan Davis har vist at han kan slå frå seg i hans fråvær. Denne blir tett.
Bournemouth – Birmingham: Scott Parker har gått frå geni til å leve litt farleg på sørkysten han. Det pinlege heimetapet i FA-cupen mot Boreham Wood frå nivå fem var berre toppen av isberget. Forferdeleg form dei siste månadene etter å ha gått dei første 15 utan tap. Hente ein halv startoppstilling i januar utan at det har gitt resultat enda. Todd Cantwell fekk 45 min i helga og får kanskje meir speletid her. Det er ingen tvil om at dei burde få sin femte siger på sine 15 siste her. Om ikkje spøka det for både topp to og topp seks. Birmingham slit også litt. Dei tapte sist kamp 2-1 heime mot Sheffield United til tross for at Lyle Taylor skåra sitt andre mål på sine to kampar for klubben. Lee Bowyer og co tok fem poeng på dei tre kampane i forkant, men det var mot dei tre laga under streken, og to av desse på heimebane. Sist bortekamp tapte dei tre poeng på overtid mot Derby. Januarsigneringane har i det minste gjort det veldig bra og kanskje er det lysare tider på gang.
Bristol City – Reading: Heimelaget fekk juling i Blackpool i helga. Det var ein liten nedtur etter fleire gode kampar den siste tida. Heime på Ashton Gate har dei vunne sine to siste med resultatet 3-2. Chris Martin og Andreas Weimann har vore toneangivande i begge to. Spesielt sistnemnte er ekstremt viktig for det laget her. Bør være gode sjansar for tre nye heimepoeng for Reading er heilt ute av det. Etter 2-2 kampen mot Derby 3 januar har dei gått på fem strake tap og med 19 baklengs. Det hadde stinka nedrykk om det ikkje var for poengtrekka til Derby og at Peterborough og Barnsley heller ikkje imponere. Kan fort bli ny manager i Reading om resultata ikkje tar seg opp.
Cardiff – Peterborough: Cardiff har fått litt pusterom den seinare tida. Det såg stygt ut men med to sigre på rappen mot Nottingham Forest heime og Barnsley borte har dei fått ni poeng ned til dagens motstandar Peterborough under streken. Dei kan takke lånesigneringane sine Hugill og Ikpeazu som sikra tre dei tre poeng desse to kampane. Peterborough føler nok at dei må vinne denne, og det er ikkje langt frå sanninga. Har to poeng opp til Reading med ein kamp til gode. Imponerte stort i FA-cupen ved å slå QPR for andre gang denne sesongen. Ricky-Jade Jones var ein ny spelar som dukka opp med skåring der. Har berre tatt eit poeng på sine siste fem i ligaen. Det var i bortekampen mot Birmingham der dei leda 2-0 til det var igjen fem minutt.
Queens Park Rangers – Middlesbrough: At QPR ryke ut av FA-cupen er ikkje akkurat ein overrasking. Det er sjeldan dei kjem seg til fjerde runde uansett. Men litt skuffande var det nok å ikkje ta seg vidare mot Peterborough i helga. I ligaen går det derimot langt betre. Laget er på fjerdeplass med berre to poeng opp til direkte opprykk. Sidan førre tap har dei tatt seks sigre og spelt ein uavgjort. Sist ligakamp enda 4-0 til Mark Warburton sitt mannskap. Sjølv om det var mot Reading var det igjen eit spel som gav heimepublikumet eit stort glis. Lyndon Dykes var tilbake frå start med to mål, i tillegg til Luke Amos og Jimmy Dunne sine mål. Møter Middlesbrough som slo ut Manchester United i FA-cupen. Ordet flaks kan brukast i den kampen, men det er ingen som har sagt at det ikkje er lov. Boro ligg rett utanfor playoff med like mange poeng som WBA. Dei har no vunne sju av sine ni siste. Tap borte mot Blackburn og uavgjort borte mot Stoke er dei einaste kampane utan tre poeng. Det blir utan tvil ein tøff kamp for heimelaget her.
Sheffield United – West Bromwich: Paul Heckingbottom var strålande fornøgd med Sander Berge sin innsats i borteoppgjeret mot Birmingham sist. Ein nydeleg målgjevande til Billy Sharp si utlikning og dermed var han sterkt delaktig i at Sheffield United tok med seg alle tre poenga. Jayden Bogle blei matchvinnar og sikra dermed deira sjuande siger på ni siste. Berre uavgjort borte mot Preston der dei slapp inn utlikning på overtid samt 0-2 mot Derby på ein dårleg dag. Evigunge Billy Sharpe har skåra i fem av desse ni siste kampane og er toppskårar med sine ni mål. Berre tre poeng bak playoff med kampar til gode. Sesongen kan fortsatt ende med suksess. WBA måtte til slutt kvitte seg med Isamel som fekk sparken etter deira 2-0 tap mot Millwall sist. Med to tap på rappen og berre tre sigre på siste 13 lyser ikkje akkurat opprykk av. Har no henta inn ringreven Steve Bruce. Han kan dermed krysse av trenarjobb i Birmingham, Aston Villa og no West Bromwich. Han får ein tøff debut og kanskje blir det i tøffaste laget.