More

    Ny eigar og snart ny manager i Hull City

    Berre ei veke etter at klubbens nye eigar, tv-milliardæren Acun Ilicali tok over klubben er det klart at Grant McCann får sparken i klubben. Dette til tross for at han på den siste veka har slått både nummer to og tre på tabellen. Først slo dei Blackburn 2-0 heime etterfølgt av 1-0 borte mot Bournemouth.
    Grant McCann tok over for Nigel Adkins i 2019 og var manager i 2019/20-sesongen då Hull måtte ta turen ned til League One. Mange meinte han burde fått sparken då. På overraskande vis fekk han behalde jobben og han tok klubben rett opp igjen til Championship året etter. Denne sesongen har vore prega av ujamne resultat, men særleg dei siste to månadane har både spel og resultat tatt seg kraftig opp. Det er derfor overraskande og skuffande for mange at han ikkje får fortsette. 
    Likevel, McCann har levd med rykta om at han vil vere ferdig den dagen nye eigarar kom inn. Og no er dagen her. Eigar Ilicali forklarte sparkinga med at han har ein visjon for Hull City og med den visjonen krevst det ein ny og frisk start. 
    Det er venta at tidlegare Rangers-spiss Shota Arveladze vil ta over klubben. Han har vore arbeidsledig sidan 2020. Han var inntil då manager for Pakhtakor Tashkent i Usbekistan.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    Bookmakertesten 2026 Oppdatert

    Epicbet best i årets bookmakertest

    Tipsbladet har vurdert 20 spillselskaper på odds, fotball, brukeropplevelse, kampanjer og total sportsbook-kvalitet.

    1
    Epicbet 90 av 100 poeng
    🏆
    2. Coolbet 89 p
    3. BoaBet 84 p

    Se hele sluttabellen, kategorivinnerne og hvorfor Epicbet gikk til topps etter en av de jevneste gullkampene i testens historie.

    Les om vinneren →

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen