More

    Ny aften med Championship-ball

    I går tok Bournemouth ein ny sterk siger ved å slå Stoke 1-0 borte i toppkampen på Bet365 Stadium. Dermed må Fulham og WBA henge seg på i deira kampa i kveld. 

    Fulham-Cardiff
    Heime på hytta har ligaens mestskårande lag feid både Swansea og QPR av bana i det siste. Mitrovic lika seg heime og står med fem mål på siste to. Tom Cairney var endeleg tilbake på benken sist, og kan få sin sesongdebut her. Cardiff hadde kniven på strupen med fem tap på rad før derbyet mot Swansea sist. Det gjekk heilt på tverke for Mick McCarthy og co. Og Cardiff blei igjen sendt heim med 0-3 i sekken og deira sjette tap på rad. Det blir nevnt at McCarthy no har to kampar på å redde jobben. Første del starta i kveld. 
    Huddersfield-Birmingham
    Huddersfield starta opp etter pausen med ein solid 2-0 siger heime mot Hull. Er blitt farlege på dødball denne sesongen. Assistkongen i divisjonen, Sorba Thomas med ny storkamp sist. Blei tippa i botnen men ligg no på sjetteplass. Berre Fulham og Forest som har tatt poeng på The John Smith. Nedturen fortsette for Birmingham. Det var kanskje ikkje forventa poeng i kampen mot WBA men tapet gjer at dei har tapt fem av sine seks siste kampar. Eit poeng og 1-13 i sekken. Prestasjonen mot WBA ga iallfall håp om snarleg betring.
    Hull-Peterborough
    To nyopprykka lag som har funnet livet i Championship tungt. Hull fekk endeleg heimesigeren sin mot Boro før landslagspausen. Tilbake med tap i neste kamp med 0-2 borte mot Huddersfield. Med fire poeng på sine siste to heimekampar har dei karra seg over nedrykksstreken. Skadeproblema begynne å gje seg og viktige George Honeyman er tilbake i slag. Peterborough har vert håplause på bortebane, men var berre fem minutt unna sitt første poeng for sesongen mot Boro sist. Det var forståeleg at Ferguson jr var rasande for måten dei gav vekk straffe på i sluttminutta. “The Posh” må nesten ha poeng her om det skal vere håp om bortepoeng denne sesongen.
    Middlesbrough-Barnsley
    Boro sleit lenge heime mot Peterborough men Paddy McNair hamna igjen på skåringslista på Riverside. 15 poeng og 12.plass er ikkje meir enn man kunne forvente av dette laget. Har vert frykteleg ustabile men med to heimesigrar på rappen kan det vere håp om noko stabilitet. Barnsley sin fryktelege sesongstart fortsette med 0-1 borte mot Reading. Under streken og har berre den eine sigeren frå andre serierunde. Fire strake tap og med berre sju mål på første 12 kampane nærma det seg managerskifte på Oakwell. Om ikkje Cauley Woodrow skal finne forma frå i fjor snart.
    Preston North End- Coventry
    6 uavgjorte og eit tap på sine siste sju. Sist blei det 0-0 heime mot Derby County i ein kamp dei hadde fortent å tape. I ein frykteleg kamp var det berre keeper Daniel Iversen som fekk godkjent. Har ikkje tapt på heimebane sidan sesongopninga, men må få ein siger snart om dei skal unngå nedrykksplass. Coventry ligge på ein fin fjerdeplass. Såg ut til å gå på tap sist, men ein veldig sterk andreomgang sikra eit poeng borte mot Blackburn. Tyler Walker med sitt første for sesongen i ein kamp der svenske Victor Gyokeres ikkje fant vegen til nettmaskene.
    Swansea – West Bromwich
    Swansea hadde berre vunne ein av siste sju før oppgjeret mot Cardiff i helga. Men heime på Liberty leverte dei festfotball og stoppa ikkje før det stod 3-0 på tavla. Jamie Paterson blei kampens store spelar med eit fantastisk mål og to glimrande assist. WBA slo tilbake med siger over rival Birmingham forrige kamp. Karlan Grant blei igjen matchvinnar med sitt flotte mål kvarteret før slutt. Manager Valerien Ismael er nok litt bekymra over kor lite mål laget hans skåra for tida, til tross for ein god tabellplassering. Swansea tidvis solide bakover, noko som kan by på problem for Grant og co her.
    Reading-Blackpool
    John Swift matchvinnar igjen for Reading. Nok eit fantastisk mål og kamp av det som er ein av ligaens beste spelar denne hausten. 1-0 sigeren over Barnsley satt langt inne, men Reading har gjort det til ei vane i det siste å vinne jamne kampar. Med 4-1-1 heime på Madejski og berre eit poeng unna playoff er det mykje å glede seg over for Reading-fansen. Blackpool måtte gi tapt mot Forest sist i ein jamn kamp som enda 1-2. Følte seg snytt for straffespark, med god grunn. Mangla viktige Shayne Lavery sist, og dei bør håpe han er raskt tilbake.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen