Cardiff 0-4 WBA
Storfavoritten WBA tok kommando fra start og ikkje før det hadde gått fem minutt var helten fra QPR, Karlan Grant, på skåringslista igjen med eit fantastisk skot. Resten av omgangen var av den traurige sorten, og James Collins var nærast mål for heimelaget, men spissen er ikkje like treffsikker som han var i Luton. I andreomgang var det derimot berre eit lag på bana. Det heile starta med eit forferdeleg sjølvmål av Curtis Nelson. Cardiff såg ut til å klarere angrepet på strek fleire gangar før godeste Nelson valgte å banke ballen i mål via stolpen. Derfra og ut gikk lufta ut av Cardiff mens WBA køyrde på med alt dei hadde. Alex Mowatt toppa ein god kamp med eit fantastisk volleyskot fra 20 meter og Matt Phillips fikk æra av å sette 4-0 på enkelt vis ti minutt før slutt. Tabelltopp enn så lenge på WBA. I Cardiff går det mot managerskifte i år også.
Huddersfield 3-2 Blackburn
Ein forrykande fotballkamp med ei flott avslutning. Huddersfield fauk ut fra starblokkene og berre stengene på målet hindra tidlig leiing. Etter 35 min var det uansett duka for mål, Sorba Thomas dro seg nedover høgrekanten før han serverte Alex på 20 meter. Den spanske midtbanespelaren plasserte ballen i lengste hjørne og 1-0 til pause. I andreomgang eksploderte det skikkelig med tre mål i løpet av åtte minutt. Først var det Ben Brereton som viste teknikk på høgt nivå inne i Huddersfield-boksen etter like glimrande forarbeid av Joe Rothwell. Huddersfield svarte tre minutt seinare ved Danny Ward. Nevnte Thomas slo eit perfekt innlegg til Ward som knuste oppassaren sin og 2-1 til heimelaget. Før dei åtte kaotiske minutta var slutt stod det derimot 2-2. Brereton tok imot en lang ball på venstrekanten, dro seg innover og blei meid i bakken i det skotet skulle komme. Straffe som han sikkert satte i mål sjølv. Men alle tre poenga skulle bli igjen hos heimelaget i dag, og helten skulle ikkje være den heimvendte Jordan Rhodes, men den heimvendte Danny Ward. Han blei nemleg tomålskårar då han fem minutt før slutt fikk stå umarkerkt på fem meter og stange inn 3-2. Full fyr i Huddersfield og tre viktige poeng. Årets første bortetap kom til slutt for, Blackburn.
Hull 1-1 Blackpool
Hull såg igjen ut til å å mållause av bana med null poeng. Blackpool tok nemleg leiinga like før pause. Den gamle Manchester United-spelaren Demetri Mitchell serverte laurdagens helt, Shayne Lavery, som fra fem meter banka ballen i nettet. I andreomgang såg det ut til å gå fra vondt til verre for heimelaget. Lewie Coyle valgte løysninga “ta eit gult kort for laget”, problemet var berre at han hadde gult frå før. Raudt kort og heimelaget var nede i ti mann dei siste ti minutta. Blackpool hadde sjansen til å avgjere, men svikta i avslutninga. Og der, ut av det blå, steig Tom Eaves opp. Han hadde funne ledig plass inn i feltet og takka og bukka for at ingen fulgte han. Iskald avslutning fra sju meter av den høge spissen. Dette satte fyr i kampen og Hull var faktisk nærmast å ta alle tre poenga, men ei strålande redning fra Blackpool-keeper Chris Maxwell hindra det. Poengdeling, noko som begge lag sikkert var sånn passe fornøgd med.
Middlesbrough 2-0 Sheffield United
Vi var spente på kva Middlesbrough skulle komme med, men dei kom med klasse. Dei tok leiinga etter berre ti minutt med eit mål man burde søke opp. Duncan Watmore fikk ballen fra Marc Bola på hjørnet av sekstenmeteren, vender opp og banka ballen i lengste kryss. Fantastisk prestasjon og viktig boost for det tungtgåande laget. Resten av omgangen blei ei fantastisk skue med sjansar til begge lag. Sheffield United og Ndiaye kom veldig nær, men stolpen stod i veien. Like etter var det Paddy McNair som kunne øke til 2-0. Han signerte eit nydelig plassert skot i lengste hjørne på typisk McNair-vis. Sheffield United prøvde seg etter kvilen, og David McGoldrick vil spørre seg sjølv korleis han kunne gå mållaus av bana. To store sjansar, og den største eit fantastisk skot som alle trudde ville gå inn. Men i det ballen var på vei mot krysset kom det ei reddande hånd fra keeper Lumley. Tre viktige poeng for Warnock og Middlesbrough. Sheffield United ned på jorda igjen.
Preston 1-1 Stoke
Det stinka litt uavgjort før kamp, og slik blei det. Bortelaget tok derimot leiinga ved Nick Powell etter åtte minutt. Eit nydelig innlegg fra Josh Tymon fant Powell som styrte den vakkert tilbake fra sida den kom fra. Stoke var det førandre laget første halvtimen, og berre ein god Daniel Iversen i Preston-målet hindra fleire baklengsmål. Preston fikk derimot sjansen sin, og på frispark fra 25 meter skrudde Ben Whiteman vakkert inn utlikninga. Det blei ikkje fleire mål, og det var utan tvil Stoke som gikk av bana i skuffelse denne kvelden her.
QPR 2-0 Birmingham
Birmingham starta best på Loftus Road, men det var Ilias Chair som ordna det første målet. Han sendte QPR i føringa med eit skot som var innom eit Birmingham-haud før det traff nettet. Etter pausen blei det eit ufyselig vær, noko som første til litt betre fotball i perioder. Til tross for at Birmingham starta denne omgangen best også, var det heimelaget som igjen fant nettmaskene. Lyndon Dykes vant ballen på midtstreke og sendte Chair gjennom mot mål. Aleine med keeper var han sikker og dermed blei det tre poeng til QPR, som hadde gått tre kampar utan siger.
Onsdag blir dei siste seks kampane spelt, dei kan du lese om her.