More

    Yorkshire-derby og storkamp i Nottingham

    Gårsdagens ti kampar inneholdt drama, og det er mykje som tyder på at dei siste to kampane frå runde 14 kan gi oss litt og.
    Barnsley- Sheffield United 
    South Yorkshire-derbyet mellom dei to naboklubbane har fått tidleg kampstart. I tillegg har bortefansen fått streng beskjed om at det ikkje er pubar tilgjengelege for dei. Det ljoma godt på Oakwell når store naboar kjem på besøk, og det vil det nok gjere her.
    Men Barnsley ser litt fortapte ut på 23.plass, og etter sigeren i første heimekamp har det vore veldig lite å juble for heime. Fem tap på rad og heile 11 kampar sidan forrige siger har gitt manager Marcus Schopp ekstra press før dette derbyet. Må få orden på angrepsrekka si snart for sju mål på første 13 betyr nedrykksstrid resten av sesongen. Vi venta fortsatt på Cauley Woodrow denne sesongen. 
    Sheffield United har klatra sakte men sikkert på tabellen, men på bortebane lugga det. To strake tap før landslagspausen ute, men starta opp med å slå Stoke heime forrige helg. Det var ein imponerande førestilling som gav håp om at dette laget snart ville vere topp seks igjen. Men då kan ikkje dei gjere som i midtveka. Først blei deira største stjerne denne hausten Morgan Gibbs-White utvist på stillinga 1-1. Deretter lot dei Millwall skåre sigersmålet langt inn på overtid. Derfor ligge dei som dei gjer, på 18.plass.
    Laga møttest sist i 2018. Då enda oppgjeret 3-2 til heimelaget. Det vil overraske stort om Barnsley plutseleg skal skåre tre mål i ein og same kamp igjen, men det er lov å håpe på fest og drama.
    Nottingham Forest – Fulham
    No skal Steve Cooper opp til eksamen. Etter fire sigre på rappen under nye manageren blir det spennande å sjå korleis laget med den nyvunne sjølvtilliten gjer det mot storlaget frå London. Trioen Zinckernagel, Johnson og Grabban har tatt Forest opp frå botnen av tabellen og no snakka man om playoff i Nottingham. I forrige kamp såg det derimot ut til å gå mot Cooper sitt første tap, men Lyle Taylor, som har vert usynlig heile hausten, skåra to mål på overtid i eit ellevilt drama.
    Fulham har tidvis rota på bortebane den seinare tid. Fire mål i sekken siste 45 mot Coventry var absolutt ikkje opprykkstakter av Marco Silva sine menn. Har sidan den gang fått med seg to heimesigre mot QPR og Cardiff. I midtveka returnerte Tom Cairney endeleg frå skaden som har sett han ut av spel denne sesongen. Han blei bytta inn i pausen og leverte like godt eit kremmarhus og det viktige 1-0 målet tolv minutt ut i sesongdebuten. Blei sendt ned til tredjeplass i løpet av gårsdagens runde, men ligaens mestskårande lag kan ta tilbake andreplassen med siger her.
    Forest har berre tatt fire poeng heime på City Ground i år, men det skal seiast at alle fire har blitt sanka under Cooper. Fulham med berre ein bortesiger på fire siste. Forest har berre haldt nullen i to kampar denne sesongen, Fulham i tre. Mål bør det derfor bli. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen