Wycombe-Sunderland
13.30
Viaplay
Ute av FA-cupen. Det betyr tv-kamp frå utsolgt Adams Park og attpåtil eit toppoppgjer i League One.
Wycombe ligg før kampen på ein fjerdeplass berre fire poeng bak dagens motstandar Sunderland. Gareth Ainsworth og hans mannskap har hatt ein imponerande retur til League One med 13 sigre, fem uavgjorte og seks tap. Heime på Adams Park vann dei sine seks første for sesongen før det kom to tap på ei lita veke mot Ipswich og Portsmouth. Etter dette har dei to sigre og ein uavgjort heime.
Juleprogrammet til Wycombe gav tre poeng av seks moglege. Først tapte dei 0-1 mot Ipswich med nye manager før dei få dagar seinare tok ein råsterk 1-0 siger borte mot Charlton. Sam Vokes skåra sitt sjuande mål for sesongen, og har begynt å få fart på si nye tilvære i League One. Om målet om rask retur til Championship skal slå til må dei slå topplaga på heimebane, og det starta her. Då er det fint å ha Joe Jacobsen på laget. Han kom med på vårt haustens lag og har vore veldig viktig denne hausten.
Sunderland starta det nye året på tabelltopp etter den fantastiske 5-0 sigeren over Rotherham på fjorårets nest siste dag. Ross Stewart klinka til med tre mål i kampen og ligaens toppskårar er dermed oppe i 15 skåringar. Det morosame er at Sunderland sitt siste tap kom mot nettopp Sheffield Wednesday i deira første oppgjer for sesongen. Etter det har dei gått ni kampar utan tap. Seks av desse har enda med siger. Det er veldig imponerande når man ser at mange av kampane er mot lag rundt dei på tabellen. Lee Johnson sitt Sunderland-lag har aldri hatt eit betre utgangspunkt for å komme seg ut av League One enn dei har no. Og det med eit lag som er på tredjeplass over mestskårande lag blant dei fire øvste divisjonane. Berre Manchester City og Fulham er betre. Borteform har vore problemet til Sunderland tidlegare, men kanskje er det i betring no. Sidan det nemnte tapet mot Sheffield Wednesday har dei 2-2-0 på bortebane.
I det motsatte oppgjeret i August blei det 3-1 til Sunderland. Ross Stewart stod for to av måla i den kampen.
Mogleg lagoppstilling:
Wycombe har lite smitte i troppen men må klare seg utan Sullay Kaikai som skal representere Kamerun i Afrikameisterskapet. I tillegg er det usikkerhet til deira viktige Ryan Tafazolli. Heldigvis for dei er manager Gareth Ainsworth tilbake igjen etter koronasmitte. Sunderland på si side har mange ute med smitte, men manager Johnson håpa eit par er tilbake til denne. Frederik Alves, Aiden O`Brien, Ellis Taylor, Luke O`Nien og Jordan Willis er uansett alle ute.
Wycombe Wanderers: Stockdale; Grimmer, Jacobson, Forino-Joseph; McCarthy, Wheeler, Scowen, Obita; McCleary; Hanlan, VokesSunderland: Hoffmann; Wright, Flanagan, Doyle, Gooch; Neil, Evans; Dajaku, Pritchard, Embleton; Stewart
Odds, Norsk TippingH: 2.60
U: 3.35
B: 2.30