West Bromwich – Nottingham Forest
21.00
Viasport 2
Det er to gjerrige lag som møtes i kveld. På både godt og vondt.
WBA tar imot Forest til kamp i det dei håpa skal sette ein stoppar for deira rekke på tre kampar utan siger. Det har gått trått for laget til Valerien Ismael den seinare tid. Han starta med å samle 22 poeng på sine første 10 kampar i klubben, men har på sine neste ni berre tatt 11 poeng. Det inkludere tap mot Stoke, Fulham, Swansea og Huddersfield, samt uavgjort mot Middlesbrough og no sist Blackpool. I midtveka såg man i det minste lyspunkt i det som blei ein særs underhaldande 0-0 kamp på Bloomfield Road. Det var nok mange som klødde seg i hovudet over korleis den kampen kunne ende mållaust. Det er nettopp skåringar som har vert problemet for WBA den seinare tid. Dei har berre registrert to mål på sine fire siste, og har gått mållause av bana i fire av sine siste ni. Det er rett og slett ikkje bra nok for eit lag som skulle ta turen opp til Premier League igjen. Dei har no heile åtte poeng opp til direkte opprykk, mens det no berre er tre små poeng ned til Blackburn som ligg utanfor playoff. Det er eit press på laget no. Håpet før denne kampen må ligge i at dei har 6-3-0 heime i år.
Nottingham Forest starta jo sin sesong forferdeleg men managerskifte har gitt resultat. Steve Cooper har tatt laget ut frå nedrykksplass og opp til ein 13.plass med sju poeng opp til playoff. Den gode starten til tross, det har gått litt tyngre for dei og den seinare tid. Også her er det appetitten framfor mål det skorta på. I midtveka blei det 0-0 heime mot Luton, eit resultat dei burde vere veldig fornøgd med i og med at Jack Colback blei utvist og laga straffe etter knappe 50 minutt. Luton bomma på straffa og Forest med 10 mann holdt unna. Har no fire uavgjorte og ein siger på sine siste fem. På bortebane har dei derimot ei rekke på sju kampar utan tap. Forrige bortetap kom 21 august mot Stoke.
For heimelaget er Jack Livermore fortsatt ute med suspensjon. For bortelaget er det Jack Colback som er ute med suspensjon. Heldigvis for dei er Ryan Yates tilbake frå sin grunna for mange gule kort.
Mogleg lagoppstilling:
West Bromwich Albion:Johnstone; Kipre, Bartley, Clarke; Furlong, Molumby, Mowatt, Townsend; Robinson, Hugill, Grant
Nottingham Forest:Samba; Spence, Worrall, McKenna, Bong; Yates, Garner; Lolley, Zinckernagel, Johnson; Grabban