More

    West Bromwich – Huddersfield Town

    WBA-Huddersfield: 
    Endeleg kom sigeren for Steve Bruce og ikkje minst WBA. Etter nok ei forferdeleg rekke med berre eit mål og eit poeng på sju kampar kom endeleg sigeren. Karlan Grant sine to mål borte mot Hull var nok til å gje laget ein fin opptur med tre poeng samt ein clean sheet. Fallet frå ein solid andreplass til 13.plass over dei siste tre månadane har vore usedvanlig rar å følgje. Men skaden er skjedd og det er åtte poeng og eit hav av lag i form framfor dei på tabellen. Inntil dei kan sette i gang ei rekke med sigre så er WBA ute av opprykkskampen. I tillegg til sigeren sist kan dei også ta med seg den solide forsvarsstatistikken sin heime på The Hawthorns med seg her. Dei har berre ti baklengs på 16 heimekampar og står fortsatt som det tredje beste forsvarsslaget i divisjonen. Treng ein ny siger på heimebane no. 3-0 sigeren over Peterborough i midten av januar er einaste siger i 2022. Tre sigre heime i månadene november, desember, januar og februar er forferdeleg for eit lag som før har vore kjent som eit sterkt heimelag. Men man skal ikkje kimse av at litt sjølvtillit kanskje er tilbake.
    Huddersfield tapte kanskje den spennande FA-cupen mot Nottingham Forest på måndag 1-2 til tross for å ha tatt leiinga i kampen. Deira første smak på tap på over tre månader. Rekka på 18 kampar utan tap i serie og cup stoppa der, men fortsatt har dei rekka på 15 kampar i ligaen utan tap. Eg trur uansett at kvar og ein Huddersfield-fan hadde reve av seg øyre for å befinne seg i den posisjonen dei gjer no. Laget innehar andreplassen på tabellen om dei får med seg eit poeng i denne. Dei ligg no på ein tredjeplass men berre dårlegare målforskjell skilje dei og Bournemouth på andreplass. Med formkurva til laget frå sør i minne så kan det være håp om direkte opprykk sjølv om Bournemouth har tre kampar til gode. Også Huddersfield er solide bakover med berre tre baklengs på siste ni i ligaen. Forsvarsspelarane fortsette og å imponere i motsatt ende. Sist var det Tom Lees som skåra to mål mot Peterborough (før han igjen skåra mot Forest i cupen) Firaren Sinani, Ward, Thomas og Holmes bytta på å være toneangivande i dette laget, men at ein eller fleire av desse fire skal skape problem her ser vi på som ein sjølvfølge.
    Mogleg lagoppstilling:
    West Bromwich Albion: Johnstone; Ajayi, Bartley, Clarke; Furlong, Gardner-Hickman, Livermore, Mowatt, Townsend; Robinson, Grant
    Huddersfield Town: Nicholls; Turton, Pearson, Lees, Toffolo; Sinani, Russell, O’Brien; Thomas, Ward, Holmes
    Odds, Norsk Tipping:H: 1.80
    U: 3.30
    B: 4.20

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen