More

    West Bromwich – Fulham

    West Bromwich – Fulham: I haust såg det lenge ut som om dette kunne bli ein toppkamp, men den gang ei.
    WBA sin nedadgåande formkurve starta eigentleg for fult i deira 0-3 tap mot Fulham i haust. På deira 21 kampar sidan har dei berre vunne fem kampar. Tre av desse har komme heime på The Hawthorns mot Peterborough, Hull og Reading. Fem uavgjort og to tap har det elles blitt. Steve Bruce tok over eit lag på full fart nedover tabellen men har ikkje akkurat snudd skuta fullstendig til tross for fire poeng på deira to siste. Sist kamp heime mot Huddersfield var dei heldige som henta opp 0-2 i løpet av to minutt i sluttminutta. Ei grisebillig straffe og dårleg forsvarsspel gjorde at Karlan Grant og Andy Carroll sikra poenget. Sistnemnte skåra sitt første mål for klubben etter ein heller traurig start i WBA. Han vart meir helt då han på overtid redda det som såg ut til å bli sigersmålet på streken. Med sin 14 plass og sju poeng opp til playoff ser det ikkje lyst ut med tanke på Premier League-spel neste sesong. Spelet som er blitt vist sidan september tilseie at dei heller ikkje har noko der å gjere. To mål sist var og litt spesielt. Dei har nemleg berre klart å skåre to mål eller meir to gangar heime sidan tapet mot Fulham i slutten av oktober. Sam Johnstone må håpe på ein betre kamp her enn mot Huddersfield, for han gjorde ein slett figur i den kampen.
    Fulham på si side har ein fot i Premier League. Mannen som skåra alle tre måla i det motsatte oppgjeret, Mitrovic, har med sine 35 mål hjelpt Fulham til ei 16 poengs luke ned til tredjeplassen. Sist gang Fulham tapte på bortebane var 16 oktober då Coventry sjokkerte med å vinne 4-1. Sidan har dei 8-2-0 på sine ti kampar på bortebane. Det var nære tap sist, men Harry Wilson redda eit poeng i sluttminutta mot Barnsley med ei perle av eit skot. Han var likevel ein sint mann etter kamp og det er forståeleg om man ser den enorme sjansen han brente få minutt seinare. Totalt sett blei det ei bra veke sidan Swansea blei slått 5-1 i Wales få dagar tidlegare. Det kjem av og til ei blemme frå dette laget, men med berre seks kampar sidan sist skal dei statistisk sett gå eit par kampar til før neste tap kjem. Då trur vi heller det kjem heime på Craven Cottage til helga, for då kjem Nottingham Forest på besøk.
    Mogleg lag:
    West Bromwich Albion: Johnstone; Ajayi, Bartley, Clarke; Furlong, Gardner-Hickman, Livermore, Mowatt, Townsend; Grant, RobinsonFulham: Rodak; Williams, Adarabioyo, Ream, Robinson; Reed, Chalobah; Wilson, Carvalho, Cavaleiro; Mitrovic
    Odds, Norsk Tipping:H: 3.45
    U: 3.25
    B: 2.00
    Resten av kampane tysdag:
    Barnsley – Bristol City: Barnsley satt igjen med to poeng etter sine to heimekampar sist veke. Både mot Stoke og Fulham leda laget til det gjenstod få minutt av kampen. Fire viktige poeng gjekk tap tog desse fire poenga er akkurat det som skille dei og Reading som ligg over streken. Men formkurva tilseie at det fortsatt kan være mogleg å halde seg i divisjonen. 3-2-2 på sine siste sju vitnar om at manager Poya Asbaghi endeleg har fått satt sitt preg på laget. Januarsigneringane har hjelpt og særleg Amine Bassi og Domingos Quina har vore viktige. Bristol City kjem og med ein god følelse til kamp. Andreas Weimann blei matchvinnar på overtid i bortekampen mot Blackburn i helga og skåra med det sitt 17 mål for sesongen. Det var deira første bortesiger sidan 2 oktober då Peterborough blei slått 3-2. Men så mykje flaks får dei ikkje igjen. 
    Birmingham – Middlesbrough: Sjokkstarten mot Bristol City som gav dei 2-1 på bortebane blei ikkje følgt opp i helgas 0-0 oppgjer mot Hull. I ein relativt jamn batalje var det til slutt ingenting å sei på at laga gjekk mållause av bana. Har 1-1-1 på sine tre siste heime. Middlesbrough hadde to tøffe bortekampar sist veke og satt berre igjen med eit poeng. Først blei dei knust 1-4 mot Sheffield United før dei kriga til seg eit poeng i 0-0 kampen mot Millwall. Har 0-2-4 på siste seks ute og treng ein siger på bortebane for å ikkje segle akterut i playoff-kampen. På tross av borteform er dei berre eit poeng unna playoff. 
    Blackburn – Derby County: Det har stoppa heilt opp for Blackburn Rovers. Frå å være ein sterk outsider til direkte opprykk har det gått heilt på tverke framfor mål etter at Brereton Diaz begynte å stå over kampar. No er dei berre to poeng framfor laget på sjuandeplass men med ein kamp meir spelt. Bradley Dack returnerte etter eit års skadefråvær men returen blei tung då han missa straffespark sju minutt før full tid for deretter å sjå Bristol City stjele alle poenga på overtid. 0-1 tapet mot Bristol City sist var den niande kampen på dei elleve siste utan skåring. Berre i 1-0 sigrane over Boro og QPR har det blitt mål. Og det har ikkje stått på sjansar heller. Derby gav Bournemouth god kamp i helga men måtte til slutt gje tapt. Har fem poeng opp til sikker plass og treng ein siger denne veka, enten her eller mot Coventry til helga. Kanskje kan Ravel Morrison varte opp med festskåring slik som mot sigeren over Barnsley.
    Bournemouth – Reading: Solanke og Lowe sikra 2-0 over Derby i helga og dermed gjorde dei opp for det forsmedelege 1-1 resultatet heime mot Peterborough få dagar tidlegare. Har 3-1-0 på sine fire siste heime og virka til å ha knekt koden igjen der. Er likevel litt skjøre og kjenner nok på presset av at Huddersfield på tredjeplass har så god form. Reading fekk ein god start med Paul Ince men den eine sigeren er blitt følgt av tre strake tap. To av dei med siffera 1-4 og 0-4. Det blir ikkje lett når dei som sist mot Forest, slepp inn mål etter 17 sekund. Blir jaga av Derby og Barnsley under streken og treng sårt ein siger fort som fy.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen