Steve Bruce får sin heimedebut når han tar imot Blackburn Rovers her. Den rutinerte manageren har no leda både Birmingham, Aston Villa og West Bromwich og vi blir ikkje overraska om han ein dag er innom Wolverhampton også. Uansett, han har ein stor jobb med å redde stumpane til eit WBA-lag som har gått frå opprykksfavoritt til å være ute av playoff. Niandeplass er deira posisjon før denne kampen. Etter 0-2 tapet mot Sheffield United i midtveka har dei no tre strake 0-2 tap. Berre tre sigre på siste 14 kampar stinka meir nedrykk enn opprykk. Tar man vekk 3-0 sigeren over Peterborough, der alle tre måla kom siste tolv minutta, har laget fem skåringar på desse 14 kampane. Det er og skrekkelege tal. Karlan Grant er toppskårar men ikkje ein toppskårar verdig med sine ti mål. Andy Carroll har til gode å levere det han leverte for Reading i haust og deira andre nysignering Daryl Dike er fortsatt ute etter skaden han pådrog seg i debuten.
Blackburn Rovers har og fått det litt tøft i det siste. Skader på skader samt superspiss bortreist på landslagsoppdrag i tett kampprogram. Dermed har den etterlengta andreplassen dei endeleg fekk tak i blitt bytta ut med tredjeplass. No er det fem poeng opp til Bournemouth. Det skjedde ved at dei tapte tre av sine fem siste kampar. Berre Middlesbrough blei det tre poeng mot. Den siste veka blei det først tap mot Swansea før dei heime på Ewood Park tapte 0-2 mot Nottingham Forest. Det gjorde ikkje ein tøff kamp enklare ved at Darragh Lenihan fekk sitt andre gule kort etter berre 53 minutt. Til tross for ti mann var dei ikkje langt unna ei utlikning, men som dei siste kampane har det vore trøbbel med utteljinga. Etter fem gode bortekampar har det no blitt to tap på rappen. Begge i kampar Rovers følte dei burde ha vunne. Kan dei slå tilbake mot eit WBA utan sjølvtillit?
WBA manglar Robert Snodgrass, Kenneth Zohore og Daryl Dike grunna skader samt Jake Livermore som blei utvist sist mot Sheffield United. For bortelaget er det Ian Poveda og nemnte Lenihan som manglar grunna skader og suspensjon.
Mogleg lagoppstilling:
West Bromwich Albion: Johnstone; Furlong, Ajayi, Clarke, Townsend; Molumby, Mowatt; Robinson, Reach, Grant; CarrollBlackburn Rovers: Kaminski; Van Hecke, Ayala, Wharton; Nyambe, Travis, Rothwell, Giles; Buckley; Khadra, Brereton Diaz
Odds, Norsk Tipping:H: 1.82
U: 3.30
B: 4.10