West Bromwich bekrefta i ettermiddag at Valerien Ismael har fått sparken i klubben. Assistent Adam Murray forlet også klubben.
Ismael tok over WBA i sommar etter ein imponerande sesong med Barnsley i fjor der han overraskande tok laget til playoff i mai. Etter ein sterk sesongstart med WBA har det etter kvart gått tyngre og tyngre. Laget ligg på femteplass men berre målforskjellen hindra dei i å vere utanfor topp seks. Laget har berre vunne fire av siste 15 kampar i Championship og står kun med ni skåringar.
WBA neste kamp er mot Sheffield United om åtte dagar. Kanskje er det ny manager på plass innan den tid.