More

    Walsall sparka manager

    I dag kom beskjeden om at League Two-klubben Walsall sparka manager Matt Taylor. The Saddlers tapte 0-1 mot tabelljumbo Scunthorpe United på tysdag og gjekk dermed på sitt sjuande strake tap. Dei er berre fire poeng over nedrykksstreken i League Two.
    Taylor kom frå akademiet til Tottenham i sommar og fekk dermed berre åtte månader i jobben som manager for Walsall. 40-åringen hadde eit håp om å ta Walsall opp i opprykkskampen i år. Før jul såg det ut som ein moglegheit, men det var før den forferdelege rekka starta.
    Hans assistent Neil McDonald tar den midlertidige jobben.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen