Swansea tar imot Cardiff til det mange vil kalle ein skjebnekamp for begge lag. To lag mange hadde forventning til, men som har lagt seg kant i kant på 19 og 20.plass på tabellen med elleve poeng på elleve kampar. Det er ikkje bra nok for Russell Martin eller Mick McCarthy. Sistnemnte leve på lånt tid i Cardiff, og med ein spelestil som splitta fansen skal det ikkje mange fleire dårlege resultat til før han må sei adjø til Championship for endte gang.
Swansea starta litt på nytt før sesongen med ny manager og ny giv. Det har vert mykje feiling, men manager Martin har holdt fast ved både spelestil og mannskap. Det begynne å gje resultat sjølv om dei berre har vunne ein av sine sju siste. Dei tre siste kampane har endt med ein siger og to uavgjorte. Swansea har holdt buret reint i seks kampar, men framover på bana har det skorta. Berre tre lag har skåra færre mål enn Swansea sine ni. Då er det sterkt av spiss Joel Piroe å stå bak fem av desse. Han blir viktig i denne kampen også.
Cardiff har tapt alle sine fem siste kampar, og med nokre stygge resultat som 1-5 og 0-4 mot Blackburn og WBA. Mick McCarthy blei hylla etter sin ankomst forrige sesong, men slite tungt no. Hadde fortjent meir enn 0-1 i forrige kamp heime mot Reading. Mykje av problemet til Cardiff har vert at spelestilen er avhengig av enkeltspelarar. Kieffer Moore var høgaktuell for Premier League før sesongen men Cardiff slapp han ikkje. Kanskje skulle dei slept han for i år har det stoppa heilt opp for spissen. Eit mål på dei første elleve kampane for mannen med 20 i bagasjen forrige sesong.
Dette fyrige derbyet går av stabelen på Liberty Stadium der dei to siste oppgjera har endt 1-0. I 2019 var det Swansea som stakk av med sigeren mens det i 2021 var Cardiff som tok alle tre poenga. Forrige gang begge lag skåra i dette derbyet var tilbake i 2010. Med tanke på både form og sjølvtillit treng man ikkje forvente for mange mål i denne kampen her heller. Men fyr i teltet blir det som oftast.
Forventa lagoppstilling:
Swansea City
Hamer; Cabango, Naughton, Manning; Latibeaudiere, Downes, Grimes, Bidwell; Smith, Paterson; Piroe
Cardiff City
Smithies; Ng, Flint, Morrison, Brown; Pack, Ralls; Giles, Colwill, Bacuna; Moore