More

    Vi byr på League One og Two i kveld

    Tre kampar frå League One og tre kampar frå League Two på programmet i kveld. Oppgjeret i Milton Keynes er av den ekle sorten. 
    MK Dons – AFC Wimbledon
    Kampen heimelaget ofte vinn og kampen bortelaget ikkje vil spele.
    Det er langt frå hyggeleg stemning når laget som stal plassen til Wimbledon i ligasystemet tar imot «nye Wimbledon» Oppgjeret som blir kalla «football`s biggest grudge game» passa bra og dei fleste nøytrale verda over håpar alltid på at Wimbledon stikke av med sigeren i desse oppgjera. Diverre skjer det sjeldan. På dei elleve oppgjera sidan første kamp i 2012 har sju enda med siger til MK, to har enda med siger til Wimbledon og to med uavgjort. Wimbledon har berre vunne ein gang i Milton Keynes og det var i EFL-trophy i 2014. Adebayo Akinfenwa var den store helten i det oppgjeret. Den eine sigeren i ligasamanheng kom i 2017 då dei vann 2-0 på deira tidlegare heimebane Kingsmeadow.
    Før oppgjeret ligg MK på ein sjuandeplass mens gjestane ligg berre to poeng over nedrykksstreken. Det skal seiast at Wimbledon har fleire kampar til gode på laga rundt seg etter at mesteparten av kampane den siste månaden har blitt avlyst. Oppladinga til denne kampen gjekk derimot veldig dårleg for Wimbledon som røyk 0-2 borte mot Boreham Wood frå nivå fem i FA-cupen. MK som allereie var ute av den ærverdige cupen måtte ta til takke med 1-1 borte mot Accrington Stanley. Dette sjølv om dei spelte timen med ein mann meir på bana.Det er mykje som tyder på at det nok ein gang skal bli MK som tar dei tre poenga. Men Wimbledon gjer seg sjeldan utan kamp, så noko overkøyring skal man ikkje forvente til tross for ulik formkurv og plassering på tabellen. Bortelagets Ayoub Assal kan fort bli avgjerande her, på både godt og vondt. Kort eller mål blir det om han er involvert. 
    Odds, Norsk TippingH: 1.70
    U: 3.65
    B: 4.10
    Sunderland – Lincoln:
    Formlaget Sunderland var berre ei overtidsskåring i det 98 minutt unna tabelltopp på laurdag. Det litt skade og koronaplaga mannskapet gjorde uansett ein særs imponerande bortekamp i det som enda 3-3 mot Wycombe. Ross Stewart stadfesta sin posisjon som ligaens toppskårar med tre av måla, sjølv om det eine blir rekna som sjølvmål i statistikken. Knuste til med 5-0 over Sheffield Wednesday førre heimekamp og har tatt skalpen av mange storlag der den seinare tid. Det er lite som tyde på at Lincoln skal kunne gjere noko forskjell her. Lincoln var i forferdeleg form før korona sette ein stoppar for fotballkampane deira i ein månads periode. Dei hadde sju strake kampar utan siger, deriblant både tap og poengtap mot ligaens to dårlegaste lag Crewe og Doncaster. Men første kamp tilbake var ein skikkeleg opptur. På laurdag slo dei Oxford United 2-0 heime på Sincil Bank og tok dermed steget opp frå nedrykksplass. For eit lag som var rekna langt høgare på tabellen var det ein kjærkommen opptur. Så spørst det om Michael Appleton sine menn kan sjokkere her og.
    Odds, Norsk TippingH: 1.50
    U: 4.10
    B: 5.00
    Bolton – Wycombe: Bolton treng ein betre start på del to av sesongen enn avslutninga på del ein. Det gjekk trått etter den særs gode starten dei fekk tilbake i League Two. På deira tolv siste kampar i ligaen har det berre blitt to sigre, begge på heimebane mot ligaens to dårlegaste lag. Dei tre siste kampane har alle enda med tap. Med berre tre poeng ned til nedrykk kunne det passa fint med ein siger heime på Macron Stadium. I det omvendte oppgjeret i haust vant Wycombe 1-0 etter skåring av Sam Vokes. Den høgreiste spissen var igjen på skåringslista i helgas herlege tv-kamp mot Sunderland. Han gav Wycombe 2-1 men det var Joe Jacobsen som blei helten med si utlikning åtte minutt på overtid. Med sin tredjeplass er dei berre fire poeng bak Sunderland på direkte opprykk. Slo til med 1-0 mot Charlton i siste bortekamp. Har berre tre tap på bortebane i år.
    Odds, Norsk TippingH: 2.50
    U: 3.25
    B: 2.55
    League Two:
    Mansfield – Swindon: Mansfield på niandeplass får besøk av laget som innehar femteplassen. Heimelaget står med fire strake sigre, tre av desse heime på One Call Stadium. Swindon viste dårleg form før koronaopphaldet i desember. Starta det nye året med festaften mot Northampton der resultatet enda 5-2. Gjorde ein fin figur mot Manchester City i FA-cupen. Målskårar i det oppgjeret, Harry McKirdy, har fire mål på sine to siste.
    Odds, Norsk TippingH: 2.15
    U: 3.40
    B: 2.90
    Forest Green – Colchester: Serieleiar tar imot botnlaget Colchester. Det blir nok ein langt enklare kamp enn deira førre heimekamp mot Exeter. Då var dei faktisk heldige som fekk med seg 0-0. Må tilbake til 19 oktober for å finne siste tap i ligaen for Forest Green. Colchester har tapt sine to siste, begge på bortebane. Sist bortesiger kom i midten av september, og det er på heimebane dei skaffar brorparten av poenga sine denne sesongen. Skal få det veldig tøft i kveld og HC-spel er det einaste vi kan anbefale.
    Odds, Norsk TippingH: 1.37
    U: 4.40
    B: 6.70
    Salford City – Tranmere: Manchester mot Liverpool, nesten. To lag i god form møtes uansett her. Salford har klatra jamt og trutt den seinare tid og står med berre eit tap på sine siste sju. Sterk bortesiger i Wales sist då Newport blei slått 2-0. Tranmere står med seks strake sigre og to av desse var på bortebane mot Oldham og sterke Exeter. Formkurva har tatt dei opp på andreplass og dei ser no ut som den sterkaste konkurrenten til Forest Green. Men potensielt bananskall her.
    Odds, Norsk TippingH: 2.25
    U: 3.00
    B: 3.10

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen