Tranmere – Mansfield:
La det være klart, sesongavslutninga i League Two kjem til å bli dramatisk i år også. Med ni veker igjen av sesongen kjempa desse to ein tøff kamp om både direkte opprykk og playoff. Før kampen ligg laga på forholdsvis sjette og femteplass.
Tranmere låg framfor sist serierunde på tredjeplass i League Two. Etter 2-3 borte mot opprykksrival Northampton gjekk både Exeter, Sutton United, Newport og dagens motstandar Mansfield forbi på tabellen. Men med berre eit poeng opp igjen til direkte opprykk kan denne kampen fort bli avgjerande for begge lag. Manager Micky Mellon var lite fornøgd med innsatsen til spelarane sine dei første 60 mot Northampton og berre to seine reduseringsmål hindra det som såg ut til å bli eit stygt resultat. Etter at det såg ut som formkurva til Tranmere skulle sende Tranmere rett til League One har dei funne livet tungt dei siste fem kampane. Fire tap og ein uavgjort. Berre den eine heimekampen mot Port Vale gav poeng men også den føltes som tap med Port Vale si utlikning på overtid. Berre åtte lag i ligaen har skåra færre enn Tranmere sine 38 mål denne sesongen. Det blir derfor spennande å sjå korleis dei skal knekke eit gjerrig Mansfield.
For bortelaget er i flytsona og har klatra bra dei seinare vekene. Inntoget av spelarane i januar har gjort dei til ein av favorittane for dei to ledige plassane til direkte opprykk. Matty Longstaff har imponert, sjølvsagt, på utlånet frå Newcastle og står med to mål på siste to kampar. Sist blei han matchvinnar i deira 2-1 siger over Exeter. 15 kampar utan tap er imponerande og vi må heilt tilbake til bortetapet mot Sutton den 23 november for å finne sist tap. Heile elleve av desse 15 har enda med siger. Manager Nigel Clough var ein stolt mann då laget sette rekord mot Exeter ved å ta ti strake sigre på heimebane. Han var og full av lovord for deira keeper på lån frå Manchester United, Nathan Bishop. Ein viktig grunn til berre fire baklengs på siste ti kampar.
Rhys Oates og Danny Johnson var målskårarane då Mansfield slo Tranmere 2-0 i haust. For Tranmere fekk Liverpool-kjenningen Jay Spearing gult kort i oppgjeret. Mannen med sju gule og eit raudt kort kan fort være eit objekt i denne kampen, om han er tilbake frå skade til denne.
Mogleg lagoppstilling:
Tranmere Rovers: Doohan; Dacres-Cogley, Clarke, Knight-Percival; Morris, Foley, O’Connor, Hawkes; McPake; Glatzel, Hemmings
Mansfield Town: Bishop; Akins, Rawson, Hewitt, McLaughlin; Longstaff, Stirk, Quinn; Bowery, Oates, Murphy
Odds, Norsk Tipping:H: 2.80
U: 3.05
B: 2.40
Vårt tips: Formkurve og odds tilseie at det bør prøvast bortesiger i dette oppgjeret her.