More

    To nye har fått sparken i League Two

    Tysdag kom meldinga om at Leyton Orient sparka ringreven Kenny Jackett. Fire strake tap og berre fem poeng ned til nedrykksplass fekk alarmklokkene til å ringe hos Orient. Så seint som i desember kjempa Leyton Orient om opprykk med men med berre to poeng på siste ti kampar ser det no ut til å gå mot ein heilt anna kamp. Jackett kom til klubben i sommar etter fire år i League One-klubben Portsmouth.
    Rival og laget som ligg på siste nedrykksplass i League Two, Carlisle, har også sparka sin manager, Keith Millen. Den beskjeden kom i dag etter at Carlisle har gått åtte kampar utan siger, til tross for store investeringar i januarvindauget. Keith Millen tok over klubben for berre fire månader sidan då Chris Beech fekk sparken etter elleve seriekampar. Dermed blir Carlisle det andre laget som sparka sin andre manager for sesongen. Watford gjorde også dette, for andre gang på tre sesongar.
    Til helga møtes Leyton Orient og Carlisle til duell på Brisbane Road, kanskje utan manager på nokre av trenarbenkane.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen