Fulham – Birmingham: Fulham tar imot Birmingham og serieleiaren er ute etter å få ei luke på fem poeng ned til Bournemouth og Blackburn. Birmingham på si side har gått av bana utan siger i deira fem siste ligakampar.
Fulham er tilbake på godstoget sitt. Deira to siste kampar i ligaen etter eit lengre opphald har gitt seks poeng og heile 13 skåringar. Først blei Reading høvla med sju mål før dei i helga knuste Bristol City, til tross for at dei kom under både 0-1 og 1-2 i første omgang. Mitrovic med tre nye mål og totalen viser no 27 skåringar på 24 ligakampar. Ville tall er det også for totalen til Fulham som no er oppe i 64 skåringar etter halvegs sesong. Harry Wilson er også ein viktig grunn til at maskineriet er tilbake for fult. Mannen med åtte mål og ti målgjevande har vore i storform på nyåret.
Birmingham fortsett å slite i starten av året. Exit i FA-cupen heime mot Plymouth samt tap heime mot QPR og uavgjort borte mot Preston. Berre ein siger på siste ni og den kom i slutten av november. To bortesigra har det blitt denne sesongen, og den første kom i den fantastiske perioden dei hadde i august. Etter det har det blitt lite poeng og lite mål for Lee Bowyer sine menn. Har henta Teden Mengi, Taylor Richards og Onel Hernandez på lån frå Manchester United, Brighton og Norwich. Kanskje kan det på sikt gje ein opptur, men lite tyder på at det skjer i kveld.
Om ikkje det kjem nye utbrot av korona kan vi nok vente oss at laga stiller med sine sterkaste mannskap. Vi tippa Lukas Jutkiewicz må vike for nye Hernandez.
Mogleg lagoppstilling:Fulham: Rodak; Tete, Adarabioyo, Ream, Robinson; Cairney, Reed; Wilson, Carvalho, Kebano; MitrovicBirmingham City: Etheridge; Mengi, Roberts, Friend; Colin, Gardner, James, Sunjic, Pedersen; Hogan, Hernandez
Odds, Norsk TippingH: 1.23
U: 5.50
B: 9.00
Preston North End – Sheffield United: Like mange poeng på tabellen, men vinnaren her kan fornye håpet om ein playoff-plass i mai.
Preston svikta i heimekampen mot Birmingham i midtveka. Patrick Bauer si skåring etter halvtimen såg ut til å gje alle tre poenga, men ei sein utlikning øydela for Ryan Lowe og co. Deira nye manager har uansett fått ein godkjent start på Deepdale med to sigre og ein uavgjort. Særleg bortesigeren over Stoke i starten av året var av det imponerande slaget. Det morosame er at deira danske spiss, Emil Riis Jakobsen, har til gode å skåre under sin nye manager. Han var eine og aleine grunnen til at Preston i det heile tatt låg brukbart an før managerskifte. Heime på Deepdale har Preston berre eit tap sidan seriepremiera.
Sheffield United fekk ein skikkeleg nedtur i helga med 0-2 borte mot Derby. Det er ikkje lett å møte Derby denne sesongen men formkurva til laget frå stålbyen tilsa at det skulle bli tre poeng. Før tapet hadde laget fire strake sigre og deira nye manager Paul Heckingbottom hadde imponert med siger i tre av dei. Særleg borteoppgjeret mot Fulham i desember gav tru på at Sheffield United endeleg skulle melde seg på i toppen. Har med sine to og tre hengekampar til laga over sjansen til å ta eit skikkeleg byks mot playoff. Men då må spelet mot Derby bli erstatta med spelet mot Fulham.
Viktige Morgan Gibbs-White er ute for gjestane i denne kampen også. Sjansen for at det blir eit par endringar frå Derby-kampen er uansett der. Ben Davies kunne fått sin debut for Sheffield United mot sin gamleklubb, Preston. Men mannen som kom frå Liverpool har testa positivt for korona. Paul Heckingbottom er venta å returnere på sidelinja i dag etter at han stod over mot Derby grunna korona.
Mogleg lagoppstilling:Preston North End: Iversen; Van den Berg, Bauer, Hughes; Potts, Browne, Whiteman, Cunningham; Johnson; Evans, Riis JakobsenSheffield United: Foderingham; Basham, Egan, Robinson; Bogle, Hourihane, Norwood, Osborn; McGoldrick, Ndiaye; Brewster
Odds, Norsk TippingH: 2.75
U: 3.05
B: 2.40