More

    To botnlag mot to formlag i Championship

    Hull – Blackburn: Kan heimelaget øydelegge for eit Blackburn-tog som vil tilbake på direkte opprykk.
    Hull fekk seg ein nedtur på søndag då Stoke tok ein sterk 2-0 siger på KCOM stadion. I dag får dei ein ny moglegheit då den utsette kampen frå jula skal spelast. Hull var inne i ein veldig god periode før kampane i england blei utsatt i hytt og pine. No har dei gått fem kampar utan siger og tre strake tap. Den gode perioden var uansett nok til å gje eit lite pusterom ned til Peterborough under streken. Grant McCann lot spissen Josh Magennis gå til Wigan i detta vindauget. Mannen som var sterkt delaktig i opprykket har fått mindre og mindre speletid. Det kan også virke som om Ryan Longman sitt gode spel fører til at Brighton henta han heim for eit nytt utlån i større klubb. Det vil vere eit hardt slag for Hull. Er det laget som skåra nest minst i Championship.
    Då passa det ikkje bra å møte Blackburn som flyr høgt om dagen. Sjølv ein tøff og tidvis dårleg kamp borte mot Cardiff i helga var ikkje nok til å stoppe dei frå å ta tre poeng. Joe Rothwell blei matchvinnar med si tidlege skåring. Utvisninga til Ryan Nyambe blei heller ikkje skjebnesvanger. Blackburn har dermed åtte sigre og to uavgjorte sidan det famøse 0-7 tapet mot Fulham i starten av november. Ben Brereton har skåra i seks av desse kampane, men den siste tids gode resultat er og på grunn av at fleire og fleire har meldt seg på. Nemnte Rothwell og lånespelar Reda Khadra blant andre. Har henta Deyovaisio Zeefuik på lån frå Hertha Berlin, og forsvarsspelaren kan kanskje få sin debut her.
    Mogleg lagoppstilling:
    Hull City: Baxter; Bernard, Greaves, McLoughlin; Longman, Moncur, Smallwood, Lewis-Potter; Honeyman; Smith, Eaves
    Blackburn Rovers: Kaminski; Van Hecke, Lenihan, Wharton; Rankin-Costello, Travis, Rothwell, Edun; Buckley; Brereton Diaz, Gallagher
    Hadde kampen blitt spelt i desember hadde man kanskje tenkt at Hull kunne by på problem for høgtflygande Blackburn. Men mykje har skjedd sidan den tid og formkurva til Hull er langt frå det den var då.
    Odds, Norsk TippingH: 3.00
    U: 3.05
    B: 2.25
    Reading – Luton: Andy Carroll er I form, men ellers er det lite som stemme for Reading. Luton hadde ein festleg aften I deira 3-2 siger over Bournemouth i helga.
    Reading har fem kampar utan siger. Den siste veka har dei fått 0-7 og 1-2 mot Fulham og Middlesbrough i fleisen. Det enorme tapet heime på Madejski sist var skrekkeleg, til tross for at Andy Carroll skåra dei to vakraste offside-måla du nokon gang vil sjå. Han er ein av få spelarar som kan vise til god form den siste tida, og var mannen som sende dei i føringa borte mot Middlesbrough. Men Reading har verken flyt på eller utanfor bana for tida. Den skadeplaga gjengen måtte sjå at tre poeng glapp fem minutt før slutt, og at det siste poenget glapp fem minutt på overtid. No er det berre tre poeng ned til Peterborough under streken. Og bak der kjem Derby i skremmande stor fart. Det trengs ein siger, og det brennkvikt. Så får man for Reading sin del håpe at Andy Carroll blir værande i klubben. Akkurat no er det høgst usikkert om han vil spele fleire kampar for klubben.
    Luton hadde ein månad utan ligafotball frå midten av desember til sist helgs kamp mot Bournemouth. Dei to kampane var mot nr ein og to på tabellen og gav fire poeng. Først blei det 1-1 mot Fulham før dei som nemnt tok tre poeng sist. Kal Naismith si skåring på overtid gav jubelscener i og gåsehud. Med sju av ni moglege poeng i sine tre nokså tøffe kampar kan man sei at Luton er på gang igjen. Den elles så ustabile hausten har gjort sitt til at laget fortsatt har ti poeng opp til playoff. Men med tre kampar til gode på dei fleste lag kan det berre gå oppover, særleg om dei starta med siger her.
    Mogleg lagoppstilling:
    Reading: Southwood; Tetek, Holmes, Laurent, Bristow; Rinomhota, Drinkwater, Swift; Camara, Joao, Dele-Bashiru
    Luton Town: Shea; Burke, Bradley, Naismith; Bree, Campbell, Mpanzu, Bell; Clark, Adebayo, Onyedinma
    Odds, Norsk TippingH: 3.75
    U: 3.30
    B: 1.87

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen