Helgas runde blei avslutta med eit herleg derby i Wales. Swansea var totalt overlegne og stoppa ikkje før det stod 3-0 på tavla. Jamie Patterson blei dagens store spelar. I førsteomgang banka han inn leiarmålet via stolpen. I andre omgang var han regissør bak begge Swansea sine mål, som blei signert storskårar Joel Piroe og Jake Bidwell. Nok eit stygt tap for Cardiff som med sitt sjette tap på rad nærma seg nedrykksstreken faretruande fort. Mick McCarthy satt uttrygt før kampen og kan nok vente seg å bli arbeidsledig innan 48 tima.
I går var det Fulham som stakk av med sigeren i deira derby mot QPR. Laget tok dermed turen opp på tredjeplass på tabellen med sin 4-1 siger.
På topp er fortsatt Bournemouth som var botnsolide i borteoppgjeret mot Bristol City. To mål i førsteomgang av Jamal Lowe og Jordan Zemura sikra 2-0 siger. West Bromwich innehar andreplassen etter sin 1-0 siger over Birmingham fredag. Karlan Grant sitt seine mål redda tre poeng i ein kamp der WBA sleit veldig med å skape sjansar.
Coventry slo til med nok ein sterk andreomgang og sikra seg eit poeng borte mot Blackburn. Rovers leda 2-0 til pause etter mål av Joe Rothwell og Sam Gallagher. Matt Godden-erstattaren Tyler Walker og eit sjølvmål av Rovers-keeper Thomas Kaminski ordna 2-2 og poengdeling på Ewood Park.
Huddersfield er tilbake på playoff etter sin 2-0 siger over Hull. Mål av Tom Lees og Duane Holmes var nok til å sikre tre poeng. Stoke er fortsatt på playoff men måtte gi tapt i bortekampen mot Sheffield United. Jacob Brown gav Stoke leiinga etter timen men to seine mål av Lys Mousset og David McGoldrick sikra ein veldig fortent 2-1 siger på Bramall Lane.
Middlesbrough så lenge ut til å gå på eit skuffande 0-0 resultat heime mot Peterborough, men ei soleklar straffe blei redninga. Paddy McNair var sikker frå straffemerket og på overtid sikra ungguten Josh Cobun sigeren med sitt første mål for klubben. 2-0 og Peterborough står med null poeng på sine første seks bortekampar.
Nottingham Forest dura vidare under ny manager. Kampen mot Blackpool blei ein jamn affære som Lewis Grabban avgjorde med ein tap-in etter timen spelt. Før den tid hadde Brennan Johnson gitt Forest leiinga før Blackpool utlikna ved Jerry Yates.
Reading blei nok ein gang redda av fantastiske John Swift i deira 1-0 siger over Barnsley. Han avgjorde heimekampen mot Barnsley kvarteret før slutt, ein kamp Barnsley fort kunne vunne. Millwall tapte 2-0 heime for Luton. To mål av Harry Cornick sikra sigeren for Luton, som og kunne sjå keeper Simon Sluga redde straffesparket til Millwall-spelar Jed Wallace.
Preston var favoritt i heimekampen mot Derby County men vil nok sjå seg heldige som fekk med seg eit poeng frå den kampen. Derby var tidvis overlegne og hadde fortent alle tre poenga i kampen som til slutt enda 0-0. Derby fortsatt på botn av tabellen men viser igjen at dei har ingen plana om å gi seg utan kamp.