More

    Storkampar i League One

    Wycombe-Ipswich
    Heimelaget Wycombe rykka ned frå Championship i fjor, og mange trudde kanskje at Gareth Ainsworth sitt mannskap hadde fått sine to sesongar med suksess no. Men denne hausten har starta særs bra for Wycombe. Laget er faktisk det einaste laget i ligasystemet som ikkje har avgitt poeng heime på Adams Park. Alle seks har enda med heimesiger. Dette til tross for at det i fem av seks kampar har blitt siger med eit mål. To av kampane har og blitt avgjort langt inne på overtid. Wycombe har no ei rekke på fem kampar utan tap, og har berre to tap så langt i sesongen. Med siger i denne klatra dei kanskje opp på tabelltopp. Kasta vekk to poeng i helga då 3-1 leiinga mot Fleetwood blei til 3-3. Sam Vokes og Adebayo Akinfenwa på skåringslista då, kanskje blir det dei to på topp her også.
    Ipswich hadde ein forferdeleg start på sesongen. Laget som var tippa på direkte opprykk hadde så mange ny ansikt at spelarane knapt visste namnet på kvarandre. Det begynne heldigvis å betre seg for Paul Cook sitt mannskap. Med berre to sigre på første ti var dei faretruande nær nedrykk. Men tre sigre, ein uavgjort og eit tap på siste fem har tatt dei opp på 11.plass på tabellen. Mestskårande laget i divisjonen, men har lekt som ei sil bakover. Variere fortsatt litt for mykje og har gått frå å tape 2-5 heime mot Bolton til å slå Portsmouth 4-0 på bortebane. Tapte mot topplaget Plymouth i helga, i ein kamp Ipswich tok leiinga 1-0. Har seks poeng opp til playoff og treng ein siger her for å tette luka.
    På skadefronten mangla Wycombe viktige Gareth McCleary med skulderskade. Han var formspelaren før skaden oppstod. Ipswich på si side mangla kjente Tom Carroll
    Mogleg lagoppstillingWycombe:Stockdale; Grimmer, Stewart, Tafazolli, Jacobson; Vokes, Scowen, Thompson, Horgan; Akinfenwa, HanlanIpswich:Walton; Penney, Edmundson, Nsiala, Woolfenden; Morsy, Evans; Edwards, Chaplin, Coulson; Bonne
    Sheffield Wednesday-Sunderland
    To gamle storlag møtes til dyst på Hillsborough denne kvelden. Sheffield Wednesday måtte ta turen ned til League One igjen etter ein rotete sesong med poengtrekk og dårleg spel. Var venta å ta divisjonen med storm då både manager Darren Moore og fleire stjerner blei med ned. Men Barry Banan og co har slitt tidvis, særleg på bortebane. Der har dei blant anna berre tatt to poeng mot dei tre nyopprykka laga Morecambe, Cambridge og Cheltenham. Med fire uavgjorte på rad har Sheffield Wednesday lagt seg på ein åttande plass med fem poeng opp til siste playoff-plass. Heile 18 lag har skåra fleire mål enn uglene og med sine 17 mål på 15 kampa er det liten tvil om kor skoen trykke.
    Sunderland gjorde fleire grep før sesongen, og oppreinskinga virka å ha gitt effekt, for det meste. Laget til Lee Johnson ligger på ein fin femteplass men kan klatre heilt til topps om dei vinne sine to hengekampar. Laget står med ni sigre, ein uavgjort og fire tap. Dei har tapt sine to siste, der Charlton først overraska med å vinne 1-0 på Stadium Of Light. I helga blei Sunderland smadra 1-5 i bortekampen mot Rotherham i ein kamp som stod 1-2 til pause. Dei håpa nok at denne turen til Yorkshire går atskilleg betre. Og kanskje er det mannen med ti mål på 13 kampar som må gjere det for dei, nemleg Ross Stewart.
    Eit småirritert heimepublikum må sjå laget sitt klare seg utan Sam Hutchinson, Massimo Luongo, Josh Windass, George Byers og Lewis Gibson. Sunderland på si side vil mangle si store stjerne, Aiden McGeady som fekk raudt kort i tapet mot Rotherham. I tillegg må dei klare seg utan Denver Hume, Nathan Broadhead og mest sannsynleg viktige Lynden Gooch
    Mogleg lagoppstilling:Sheffield Wednesday:Peacock-Farrell; Dunkley, Hunt, Palmer; Shodipo, Adeniran, Wing, Johnson; Bannan; Gregory, BerahinoSunderland:Hoffmann; Winchester, Flanagan, Doyle, Cirkin; O’Nien, Neil; Dajaku, Pritchard, Gooch; Stewart
    Dei resterande fem kampane er:
    Charlton-Rotherham:
    Charlton som står med to sigre på rappen etter sparkinga av Nigel Adkins tar imot Rotherham som er på fjerdeplass etter 5-1 sigeren mot Sunderland i helga. Topp mot botn men kan bli jamnare enn mange trur.
    Crewe-Doncaster:
    Ekstremt viktig botnkamp mellom dei to nedst plasserte laga i League One. Heimelaget desidert sist med berre ein siger til no. Doncaster har kvikna litt til den seinare tid og har fått alle sine tre sigre i løpet av sine siste ni kampar.
    Fleetwood-Wigan:
    Botn mot topp. Tredje dårlegaste laget i divisjonen mot nest beste, mogleg beste etter denne kampen. Fleetwood og ringreven Joe Garner tok eit sterkt poeng mot Wycombe i helga. Wigan vunne sine fem siste bortekampar, og gjer det generelt mykje betre på bortebane enn på heimebane der tre av dei fire tapa har komme.
    Morecambe-Cambridge:
    To nyopprykka lag som kjempa med nebb og klør for å halde seg oppe. God start på sesongen for begge to, men kort veg ned til nedrykksstreken. Morecambe har tatt 11 av sine 15 poeng på heimebane. Cambridge og evigunge Wes Hoolahan har tatt seks av sine 19 poeng på bortebane.
    Portsmouth-Cheltenham:
    Pompey variere stort denne sesongen. Frå å knuse Sunderland 4-0 heime til å tape 0-4 heime mot Ipswich. Har åtte poeng opp til playoff og Cowley-brødrene trenge tre poeng her, elles er jobben i fare. Cheltenham det tredje nyopprykka laget, ligger a-poeng med Portsmouth. Det er mest på grunn av god heimeform.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen