More

    Stoke knekte WBA-koden

    Fredagskampen på Bet365 Stadium var venta å bli ein hard batalje mellom laget som før kampen låg på femteplass og serieleiaren WBA. 
    Framfor 23 000 tilskodarar tok Stoke kommando fra start og Jacob Brown skulle skulle sendt heimelaget i føringa når han blei spelt aleine gjennom, men skotet traff stolpen. WBA på si side kunne sjå at Callum Robinson sendte avgårde tre skot inne i 16-meteren som alle blei blokkert eller redda av keeper. Fem minutt før pause trudde heimefansen at dei hadde tatt leiinga. Darnell Furlong stanga inn det som såg ut til å bli eit fantastisk sjølvmål, men det blei heldigvis for WBA og Furlong annulert. 
    Man kunne kanskje tru at Stoke hadde utnytta overtaket dårlig og at WBA skulle ta kommando i andreomgang, men det skjedde så absolutt ikkje. Mario Vrancic sitt utsøkte frispark smalt i oversida av tverrligaen. Stoke sendte på Sam Surridge i håp om mål, og han skulle så absolutt bli innblanda i denne kampen. Etter 65 min burde han sendt innlegget fra Josh Tymon i mål, men Sam Johnstone redda glimrande. WBA keeperen var ikkje like heldig fem minutt seinare då han sendte Surridge i bakken. Straffespark og nok ein duell mellom Surridge og Johnstone. Stoke har dei siste åra ein historie med å brenne straffespark, og hadde allereie gjort det denne sesongen. Derfor var det innbyttar Surridge som skulle prøve seg, men straffesparket blei redda av Johnstone sine lange bein. 
    I det man trudde WBA hadde stått han av og kunne innkassere eit ufortjent bortepoeng, skjedde det ein siste ting. WBA mista ballen på midtbana til Tommy Smith, som var lynrask med å lobbe Nick Powell igjennom. Stoke-helten var like iskald og lobba ballen over ein utrusande Johnstone. Enorm glede for Stoke, som dermed blei første laget som tok tre poeng mot WBA denne sesongen, og for ein fortjent måte å gjere det på. 
    Stoke gikk dermed opp på tredjeplass på tabellen, berre eit poeng bak leiande WBA. Det er tett i toppen. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen