More

    Slavisa Jokanovic har fått sparken

    Nok ein manager er ferdig i The Championship, den femte i rekka denne sesongen.
    Sheffield United melder på si heimeside at manager Slavisa Jokanovic er ferdig i klubben etter ein trøblete start på sesongen.
    Han fekk jobben med å erstatte legenda Chris Wilder i sommar og mange trudde ansettelsen av den tidlegare Fulham og Watford-manageren skulle ta laget frå Yorkshire direkte tilbake til Premier League, nett som han gjorde med sine føregåande klubbar. 
    Det har etterkvart sett mindre og mindre sannsynleg ut for Sander Berge og co. Etter snart halvvegs sesong ligg laget på ein 17.plass på tabellen med sine 20 poeng og ni poeng opp til playoff. 
    Til tross for sigeren borte mot Reading denne veka har dette lege i korta ei stund. Det har blitt snakka om konflikt med eigar sidan starten av sesongen på grunn av manglande investering. Den seinare tid har både fans og manager sett ut til å vere lei.
    Dermed blei det med 181 dagar i klubben for serbaren.
    Paul Heckingbottom tar over ansvaret umiddelbart og har skreve under på ny kontrak fram til 2025/26-sesongen. Han får med seg Jack Lester og Stuart McCall som assistenttrenarar. Sistnemnte kjem frå rolla som trenar i Blackpool. Heckingbottom var midlertidig manager mot slutten av førre sesong. Han har tidlegare trent klubbar som Barnsley og Leeds. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen