Sheffield Wednesday sitt liv i League One har ikkje vore enkelt og etter 0-5 tapet mot Sunderland på fjorårets nest siste dag og 0-1 mot Shrewsbury på årets første dag var det mange som meinte at Darren Moore sine dagar som manager i klubben var over. Men resultata har betra seg og laget står no med fem sigre og eit tap på sine seks siste. Tapet kom mot Oxford United på bortebane i ein kamp dei leda to gangar. Siger mot Plymouth, Ipswich og Morecambe og Burton tok laget opp til sjuande plass med eit poeng opp til Wycombe som innehar siste playoff-plass. Denne veka tok dei ein ny skalp då topplaget Wigan blei slått 1-0 på Hillsborough. Kaptein Barry Bannan blei matchvinnar med si straffe i andreomgang. I januarvindauget henta dei inn Harlee Dean på lån frå Birmingham. Stopparkjempen leverte ein kanondebut før han måtte ut med hamstringskade i kamp to. Nathaniel Mendez-Laing har vore tilbake frå skade den seinare tid og har vist seg som den viktige spelaren han er med to skåringar i januar. Det har og Sylla Sow vist seg å vere med to mål på tre kampar.
Rotherham hadde stø kurs mot nok eit opprykk til Championship men har den siste månaden tapt mot både Fleetwood og Accrington. Laget til Paul Warne har derimot slått tre botnlaga Cheltenham, Crewe, Doncaster og Wimbledon samt Accrington den seinare tida med 10-0 i målprotokollen. Toppskårar Michael Smith har vore toneangivande med sine 16 mål denne sesongen. Viktige Richard Wood er tilbake her etter suspensjon og det er viktig då han har vore eit viktig bidrag i at dei er laget som slepp inn minst mål i divisjonen. Det er berre Sheffield Wednesday og Fleetwood som har klart å skåre meir enn eit mål i kamp mot Rotherham denne sesongen. I heile 17 av 30 kampar har dei gått av bana utan baklengsmål. Null baklengs blei det også i oppladninga til denne kampen. På tirsdag vann dei 1-0 borte mot Wmbledon der Joshua Kayode skåra sitt første for sesongen.
Oppgjeret på New York Stadium i haust enda med 2-0 siger til Sheffield Wednesday. Då bomma Kieran Sadlier på straffespark for Rotherham. Han er no sendt vidare til Bolton.Skal Sheffield Wednesday ta seg opp på playoff eller tar Rotherham enda eit stort seg mot nok eit opprykk til The Championship. Svaret får vi frå 13.00-14.55.
Mogleg lagoppstilling:
Heimelaget mangla Cheyenne Dunkley, Lee Gregory, Josh Windass, Harlee Dean og Tyreece John-Jules. Bortelaget mangla Will Grigg og Mickel Miller
Sheffield Wednesday (3-5-2): Bailey Peacock-Farrell; Jordan Storey, Sam Hutchinson, Liam Palmer; Jack Hunt, George Byers, Massimo Luongo, Barry Bannan, Marvin Johnson; Nathaniel Mendez-Laing, Callum Paterson.
Rotherham United (3-5-2): Josh Vickers; Wes Harding, Richard Wood, Michael Ihiekwe; Chiedozie Ogbene, Jamie Lindsay, Daniel Barlaser, Ben Wiles, Shane Ferguson; Joshua Kayode, Michael Smith.
Odds, Norsk Tipping:H: 2.95
U: 3.10
B: 2.30