Sheffield United- Nottingham Forest: Tv-kampen fredag er ein skikkeleg playoff-thriller mellom nummer sju og ni på tabellen. Det skilje eit poeng mellom laga som jakta Luton som innehar sjetteplassen.
Etter ni strake utan tap kom Sheffield United ned på jorda igjen i bortekampen mot Millwall sist helg i det som blei deira andre tap på dei 16 siste kampane i ligaen. Bramall Lane har blitt eit fort igjen og på dei seks kampane der under Paul Heckingbottom har dei berre gjett frå seg to poeng og sist gang det blei baklengsmål der var i oktober. Det er lett å være etterpåklok men rulleringa til manager Heckingbottom kosta dei nok poeng mot Millwall. Blant anna blei Sander Berge sittande på benken til det 70 minutt. Han var deira store spelar mot Blackburn Rover og beidreiv ein anna idrett dei 60 minutta med 11 mot 11. Han er garantert tilbake i startoppstillinga her. Det same er nok Morgan Gibbs-White som og blei spart. Stod utan baklengsmål i dei fem siste kampane før dødballmålet mot Millwall. Bortsett frå storsigeren over Swansea er det ein liten rød tråd som kan bekymre Sheffield United-fansen noko. Dei har nemleg berre skåra eit mål på dei fire andre siste kampane. Er dei for avhengig av Billy Sharp der framme?
Nottingham Forest gjorde det enkelt og greitt sist mot Bristol City. Stortalentet Brennan Johnson gjorde det meste sjølv på 1-0 skåringa før James Garner styrte inn 2-0 etter kvilen. Dermed var dei tilbake på vinnarsporet etter to uavgjorte kampar mot Stoke og Preston. Ethan Horvath har stått i mål dei to siste kampane grunna Brice Samba sitt latterlege raude kort mot Stoke. Den tidlegare Molde-spelaren har gjort sine saker bra og står fortsatt med smultring. Forest har berre tapt to av sine siste 14 på bortebane, sjølv om begge tapa har skjedd i 2022 (Boro og Cardiff) og dermed blir det fort ein jamn batalje på Bramall Lane i dag. Nemnte Johnson står forresten med 16 målpoeng denne sesongen og er i storform.
Mogleg lagoppstilling: Charlie Goode er suspendert for heimelaget og det same er keeper Samba for bortelaget.
Sheffield United: Foderingham; Davies, Egan, Robinson; Baldock, Norwood, Berge, Norrington-Davies; Ndiaye, Gibbs-White; SharpNottingham Forest: Horvath; Worrall, Cook, McKenna; Spence, Yates, Colback, Lowe; Garner; Johnson, Davis
Odds, Norsk Tipping:H: 1.90
U: 3.15
B: 3.90
Huddersfield-Peterborough: Det går ein kamp til denne fredagen som ut frå form og tabellposisjon ikkje ser like spennande ut. Huddersfield har no femten kampar (17 om man tar med FA-cup) utan tap i ligaen etter deira sterke 2-0 borte mot Birmingham sist. Igjen var det kombinasjonen farlege forsvarsspelarar på dødball samt Sorba Thomas sin dødelege dødballfot. Han har no ti assist denne sesongen. Sist heimekamp såg det ut som rekka skulle ryke men snuoperasjonen i sluttminutta der 0-1 gjekk til 2-1 skapte ei stemning på John Smith Stadium som man ikkje hadde sett sidan Premier League-æra. Noko stort er i gjære for laget på tredjeplass og det skal mykje til for at tabelljumbo Peterborough kan stoppe det. Med Darren Ferguson ut og Grant McCann inn kan man håpe på ein liten opptur, men det ser utruleg mørkt ut etter at McCann sin gamle klubb Hull knuste dei 3-0 heime på London Road sist. Elleve strake kampar utan siger i ligaen no. Cupkampen mot Manchester City i midtveka gav nok ikkje anna enn hederleg resultat, gode pengar i lomma og slitne bein.