More

    Sheffield United – Bristol City

    Sheffield United-Bristol City
    Kampstart 13.30
    For ei rar veke det har vert for heimelaget, Sheffield United. Først kollapsa John Fleck i 1-0 sigeren borte mot Reading, og dagen etter var Slavisa Jokanovic ferdig i klubben. Det som var enda rarare var at i same åndedrag blei Paul Heckingbottom meldt klar som manager, utan at Jokanovic fekk so mykje som ein takk for innsatsen.
    Sheffield United sin prins er ikkje den best likte eigaren om dagen, og han vil få kjenne fansens sinne om det ikkje blir tre poeng i debutkampen til Heckingbottom. Han var midlertidig manager mot slutten av fjorårssesongen i Premier League og gjorde det greitt. Men han har til gode å imponere i klubben han har reist til etter suksessen med Barnsley i League One. Med 23 poeng på sine første 19 er det uansett på tide at heimelaget tar opp jakta på topp seks. Første jobb må bli å få orden på heimestatistikken. Tre kampar utan siger der to av kampane var tap. Har faktisk berre tre sigre på sine første ni på Bramall Lane.
    På same poengsum som Sheffield United finn vi Bristol City. Dei fekk ein opptur i midtveka med 1-0 heime mot Stoke. Eit langt innkast som Chris Martin fekk stussa vidare til Tyreeq Bakinson var nok til å sikre tre poeng. Deira andre heimesiger for sesongen og igjen med knappast mogleg margin og med ein god dose flaks mot slutten. Nigel Pearson lever litt farleg som manager hos The Robins. Tatt fire av seks siste moglege men før det kom dei med fem tap på sine seks siste.
    Begge lag hadde før runda like mange poeng opp til playoff som til nedrykk. Siger her vil gi eit svar på korleis resten av sesongen utarta seg.

    Sander Berge var tilbake på benken sist, og han eller Conor Hourihane vil nok erstatte John Fleck som er ute på ubestemt tid. Bortelaget må kanskje klare seg utan viktige Nathan Baker som er tvilsam til kamp. I tillegg er Andy King, Matty James og George Tanner fortsatt ute.
    Mogleg lagoppstilling:
    Sheffield UnitedFoderingham; Basham, Egan, Davies; Bogle, Norwood, Berge, Stevens; Gibbs-White, McGoldrick; BrewsterBristol CityBentley; Vyner, Atkinson, Kalas; Scott, Williams, Massengo, Bakinson, O’Dowda; Martin, Weimann

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen