Med Middlesbrough sin siger over WBA i går gjekk dei forbi Sheffield United på tabellen. I tillegg treng Peterborough og Derby sårt ein siger igjen her sidan Reading slo Birmingham i går. Det var surt for Barnsley at Reading vann, sjølv om dei kunne juble for årets første bortesiger. Kveldens kampar blir derfor viktig både i botnen og i toppen.
Sheffield United – Blackburn møtes til toppkamp på Bramall Lane. Nummer seks og tre på tabellen med fire poeng i skilnad.
Sheffield United varta opp med festfotball mot Swansea i helga. Målet til George Baldock var verdt innganspengane aleine. Litt av eit mål av ein som ikkje hadde skåra på over to år. I tillegg var Morgan Gibbs-White tilbake slik han var før skaden sin. To mål på han. Og la oss ikkje gløyme Billy Sharp som imponere for kvar kamp som går. Nytt mål på han og deira toppskårar står no med tolv mål denne sesongen. Kjekt var det at Sander Berge igjen fekk ein kamp frå start, og kanskje har han kjempa seg inn til fast plass på laget igjen no. Åtte sigre og berre eit tap på sine tolv kampar under Paul Heckingbottom. Ikkje rart dei plutseleg var på playoff-plass. Dei var før sesongen tippa på direkte opprykk og det er faktisk ikkje heilt umogleg at det fortsatt kan gå. Heime på Bramall Lane har dei ikkje tapt sidan oktober då Blackpool reiste derfrå med ein ekstremt heldig siger. Det var uansett før Heckingbottom si tid. Han har berre ein uavgjort på si kappe. Den kom for ei veke sidan og mange var sjokkerte over korleis kampen mot Hull kunne ende 0-0.
Blackburn på si side fortsett å slite. Berre to poeng på sine fire siste kampar. Dei fekk sin kamp i helga utsatt grunna uværet i England og bør være utkvilte til denne. Manager Tony Mowbray var rett nok irritert over at dommar avlyste kampen berre 45 minutt før kampstart. Han meina nok at dei hadde trengt ein opptur på heimebane før denne tøffe bortekampen. Rovers har tatt 12 mindre poeng på bortebane enn Ewood Park denne sesongen, i tillegg til at dei har gått mållause av bana i sine fire siste kampar. Det skal seiast at dei hadde fortent siger både i borteoppgjeret mot WBA (0-0) og Swansea (0-1)
Rovers vil nok satse på like artig kamp som sist desse laga møttes. Det var i november då Rovers slo tilbake etter 0-7 mot Fulham få dagar før ved å slå Sheffield United 3-1 på Ewood Park. Då skåra Brereton Diaz. Han har ikkje skåra i 2022, men har også gått glipp av fleire kampar grunna landslagsspel for Chile og skader. Han må også stå over denne grunna skaden han pådrog seg mot WBA.
David McGoldrick, Jack O’Connell og Rhian Brewster manglar for heimelaget. Tayo Edun, Bradley Dack, Poveda og nemnte Brereton Diaz manglar for Rovers. Mange gleda seg nok derimot til å sjå Dack tilbake på bana snart etter nok eit år ute med skade.
Mogleg lagoppstilling:
Sheffield United: Foderingham; Robinson, Egan, Basham; Norrington-Davies, Gibbs-White, Norwood, Baldock; Fleck, Berge; SharpBlackburn Rovers: Kaminski; Pickering, Wharton, Van Hecke, Lenihan; Rothwell, Travis, Khadra; Buckley, Gallagher, Giles
Odds, Norsk Tipping:H: 1.77
U: 3.30
B: 4.30
Resten av runda onsdag:
Derby – Millwall: Scenene som utspant seg på Pride Park i det klokka hadde bikka 90 minutt og Louie Sibley sitt skot sneik seg inn. Tre nye poeng for Derby som no har lagt både Barnsley og Peterborough bak seg på tabellen. Formkurva til Wayne Rooney sitt mannskap har gjort at det no berre er fem poeng opp til Reading på trygg plass. Tidenes comeback kan fortsatt skje. Må klare seg utan kaptein og viktige Tom Lawrence her grunna det raude kortet mot Peterborough sist. Eit tungt slag for Derby som ikkje har flust av målskårarar å ta av om dagen. Har vunne fem av sine seks siste heime og vi blir ikkje overraska om det blir ein ny siger her. Millwall fekk ikkje spelt kampen mot Blackburn sist men kjem frå to strake sigre heime på The Den mot QPR og Cardiff. Dei har faktisk tatt ti av tolv moglege på siste fire heime. På bortebane derimot har dei seks tap på sine sju siste. Berre eit stakkars poeng som dei tok mot Middlesbrough tilbake i november. Eit sterkt heimelag mot eit svakt bortelag her altså.
Fulham – Peterborough: Fulham gjekk på eit lite sjokktap igjen då Huddersfield kom til Craven Cottage og lede 2-0 til pause. Ein sterk sluttspurt og redusering var uansett ikkje nok. Dermed stoppa rekka denne gang på sju kampar utan tap denne gangen. Det skal uansett være gode sjansar for å komme tilbake på hesten med Peterborough som neste motstandar. Bortelaget har mista manager Darren Ferguson sidan tapet mot Derby sist. Han tok ein telefon til sin eigar på søndag og fortalte at no får andre prøve seg. Klubblegenda gjorde nok eit rett val for det var lite som tyda på at dette skulle snu. Ni kampar har dei no spelt sidan sist siger mot Millwall i starten av desember. Det stinka nedrykk.
Huddersfield – Cardiff: 2-1 borte mot Fulham var sesongens råaste resultat for Huddersfield og nok eit bevis på at dei vil være med i kampen om opprykk. Hurtig og intensiv fotball og langt unna det vi har sett sidan deira siste sesong i Premier League. 13 kampar utan siger og seks av desse på heimebane. Toppskårar Danny Ward møter laget han spelte for fram til returen til Yorkshire. Han er nok lysten på ei skåring her. For Cardiff har 2022 roa nervane som Cardiff-fansen måtte ha hatt. Fire sigre på deira seks siste har tatt dei eit langt steg vekk frå nedrykksstriden og dermed er sesongen i Championship sikra. Rart nok har Joel Bagan tre mål på sine siste tre. Det er uvanleg av den 20 år gamle forsvarsspelaren.
QPR – Blackpool: Heimelaget har møtt veggen i det siste. Stygge tap mot Barnsley og Millwall etterfølgt av berre eit poeng heime mot Hull sist gjer at dei no må sjå seg bakover på tabellen og ikkje opp mot dei to som gir direkte opprykk. Har fjerdeplassen men med tap her er dei fort ute av playoff når alle lag har spelt like mange kampar. Treng sårt ein siger igjen og treng skåringar. Chair skåra målet sist men Mark Warburton treng meir stabilitet frå spissane sine, som har det med å skåre i nokre kampar før dei forsvinn ein månad eller to. Blackpool tok eit bortepoeng mot Cardiff i helga og står med 3-3-1 på sine sju kampar i 2022. Tapet kom i heimekampen mot Bournemouth der dei leda 1-0 til kampuret viste 85 minutt. Er i form og kan absolutt gje QPR tøff kamp her.
Stoke – Luton: Stoke skuffa i helga ved å berre klare 2-2 heime mot Birmingham til tross for to mål av Tyrese Campbell som endeleg ser ut til å vere i gang igjen etter den lange skaden han pådro seg i fjor. To ganger 2-2 etter deira fine 3-0 siger mot Swansea. Ligg på 13.plass men som mange andre er det ikkje lange vegen opp. Luton har heller ikkje lang veg opp. Berre to poeng opp til playoff etter den sterke 2-0 sigeren over WBA i helga. Slo derimot sterkt tilbake etter braktapet (0-3) i deira førre bortekamp mot Birmingham. Har fire sigre på siste seks og er ein outsider til opprykk.