QPR og Forest delte poenga på Loftus Road fredag kveld. Jack Colback sikra poeng for gjestene på overtid etter at Lyndon Dykes sende QPR i føringa i første omgang.
Fulham – WBA starta showet denne laurdagen med toppkampen 13.30. Her er dei resterande ti kampane i dag.
Bristol City-Barnsley
Begge lag kjem frå tap førre helg. Bristol City fikk det tøft borte mot WBA og enda opp med 0-3. Barnsley tapte lokaloppgjeret heime mot Sheffield United til tross for ein sterk sluttspurt. Det blei uansett eit nytt tap i sekken for gjestane som slite tungt i botnen av tabellen. Seks tap på rad og berre ein siger på dei første 14 har gitt åtte stusselege poeng til no. Bristol City ligger på ein 17.plass med kort veg både opp og ned etter tre tap på rappen. Treng ein siger her om det skal vere håp om ein positiv sesong.
Derby-Blackburn
Derby nekta å tape, og tok ein ny skalp ved å bli det første laget som tok poeng borte mot Coventry sist. I den kampen var dei nokså heldige, men totalt sett har dei vore litt uheldige med poengfangsten dei siste vekene. Fire uavgjorte på rad, og hadde trengt ein siger no for å ta eit steg nærmare laga over nedrykksstreken. Blackburn med viktig siger heime mot Reading sist i det som var ein imponerande kamp. Ben Brereton oppleve ei lita måltørke men då er det bra at andre har tatt tak. Berre ein bortesiger denne sesongen, og den kom i tredje serierunde.
Huddersfield-Millwall
Huddersfield ligger a-poeng med Luton på femteplass i det som er ein uhyre jamn tabell. Har tatt sju poeng på siste tre heimekampar, men blei regelrett rundspelt førre helg, borte mot Bournemouth. Millwall med to sterke sigre siste veka med 2-1 over både Sheffield United og Stoke. Er Tom Bradshaw i gang, eller var dei to måla mot Stoke det vi fekk frå han denne sesongen?
Hull-Coventry
Hull tok ikkje vare på oppturen frå den etterlengta sigeren mot Middlesbrough. Etter dette har det blitt tre tap, der siste heimetap mot Peterborough var et slag i tryne. Er under streken no. Coventry med 1-2 mot Preston og 0-5 mot Luton i sine to siste bortekampar. Laget på fjerdeplass treng ein siger igjen etter berre to poeng på tre siste.
Middlesbrough-Birmingham
No snakka vi, Neil Warnock. Etter det tragiske tapet mot Hull har det blitt tre solide sigre på rappen, alle med 2-0. Spissen Sporar med mål i siste to. Birmingham med gedigen opptur då dei braut rekka på sju kampar utan siger ved å slå Swansea 2-1. Troy Deeney har blitt kaptein og takka med å skåre eit og legge til rette for vinnarmålet. Vant sine to første bortekampar denne sesongen før det sa stopp.
Preston North End-Luton
Preston mobiliserte bra før ligacupen mot Liverpool i midtveka. Tok ikkje sjansen mot eit C-prega Liverpool-lag. Vant førre heimekamp i ligaen 2-1 mot Coventry, men tapte lokaloppgjeret mot Blackpool sist. Berre ein siger siste ni. Viktige Alan Browne ute på grunn av det raude kortet mot Blackpool. Luton er oppe på femteplass til tross for litt for mange uavgjorte. Slo Hull på heimebane sist. Førre bortekamp fekk dei med seg eit heldig poeng mot Derby.
Sheffield United-Blackpool
Lys Mousset blei den store helten i lokaloppgjeret borte mot Barnsley sist. Ein av ligaens beste spissa om man ser på potensial, men skader og moglegvis haldning øydeleggande, og har ført til at opphaldet i Sheffield United totalt sett har vert ein fiasko.. Er ting på gang og truleg blir Sheffield United betre og betre utover sesongen. Blackpool har og berre blitt betre og betre. Dei toppa den fantastiske sesongstarten med siger over Preston framfor eit Bloomfield Road på kokepunktet. Også dei likt på poeng med laget på femteplass. Snudde 0-2 til 3-2 i førre bortekamp og kan by på problem her og. Jerry Yates har vert i storform den seinare tid med.
Stoke-Cardiff
Vi hausa Stoke opp i etterkant av sigeren mot WBA. Etter det har det gått trått. Tre strake tap, der eit av dei var på heimebane mot Bournemouth. Treng sårt ein siger her om dei skal ta seg opp på playoff igjen. Fikk ein stor opptur ved at Tyrese Campbell var tilbake i 1-2 tapet mot Brentford i ligacupen i midtveka. Spissen som storspelte hausten 2020 har vert ute med skade sidan desember. Cardiff sparka endeleg Mick McCarthy etter 0-2 heime mot Boro. Det var det åttande tapet på rad for walisarane. Ny manager er ikkje på plass, men ein opptur må man forvente innan kort tid. Tv-kampen frå 16.00-runda på Viasport 2
Swansea-Peterborough
Swansea i storform heime med storsiger mot rival Cardiff og topplaget WBA. Tapte 1-2 førre kamp på bortebane men no er dei tilbake der dei trivst best for tida. Har ikkje tapt heime sidan tredje serierunde. Peterborough med to strake sigre og har dermed klatra over nedrykksstreken. Tok sesongens første bortepoeng i botnkampen mot Hull sist. Virka som om Darren Ferguson har fått orden på forsvarsspelet i det siste. Og på topp er Siriki Dembele brennheit.
Reading-Bournemouth
Runda blir avslutta med ein godbit til kvelds. Avspark laurdag kveld kl 21.00. Perfekt. Reading vinne litt før dei plutselege tapa litt. Håplaust lag å spå. Tapte førre heimekamp 2-3 etter å ha leda 2-0 etter 20 minutt. Skal få det veldig tøft mot Bournemouth i storform. Dei knuser lag på heimebane og er solide som fy på bortebane. Slo Stoke 1-0 i førre bortekamp. Dominic Solanke matchvinnar i bortekampen og var på pletten med to mål i 3-0 sigeren mot Huddersfield sist. Skåra i fire av fem siste. Blir det femten kampar utan tap, eller skal fantastiske John Swift øydelegge rekka?