Det er ikkje lett for fans, lag eller skribentar som lagar previews om dagen. Kampar blir avlyst både både tre, to og ein dag før kamp, i tillegg til same dag. Etter ein Boxing day med berre fem kampar ser det noko betre ut for kampane onsdag og torsdag. Det ser ut som vi skal få tre av sju på onsdag og heile fire av fem på torsdag. God jul til oss.
Blackburn – Barnsley: Topplag i storform mot botnlag utan noko som helst av form. Begge lag fekk fri på boxing day. Dei stille dermed på lik linje her. Fem strake sigre på rad for Blackburn, og det er mykje som tyder på at det skal kunne bli ein sjette her. Heime på Ewood Park har dei hatt fest den seinare tid og sist blei det 4-0 over Birmingham. Buckley, Khadra og Brereton-Diaz sine to var nok der. Brereton med 19 mål i ligaen, men vi må gje ekstra skryt til Khadra som og har vore glimrande den seinare tid. Barnsley på si side klarte 0-0 mot WBA sist kamp. Det var nesten to veker sidan og dei har dermed fått ein god juleferie dei også. På bortebane har dei tatt eit poeng på sine siste sju. Med sine 14 poeng har dei heile sju poeng opp til trygg plass. Det går mot nedrykk for gjestene, og det blir nok ikkje betre etter denne kampen.
Odds, Norsk TippingH: 1.55
U: 3.70
B: 5.00
Blackpool – Middlesbrough: Blackpool fekk stoppa den fæle rekka med kampar utan siger sist heimekamp. Då snudde dei 0-1 til 3-1 mot Peterborough etter seine mål av ungguten Sonny Carey og Jerry Yates. På Boxing day var dei eit av laga som fekk spelt kamp og det såg bra ut veldig lenge. Yates og Madine hadde gitt dei 2-1 borte mot Huddersfield etter 18 minutt og dette holdt seg heilt til det gjenstod ti minutt. Då måtte laget som også var nede i ti menn sjå Sobra Thomas sette to raske for Huddersfield og dermed blei det eit nytt tap. Har no heile seks poeng opp til playoff. Og på playoff finn vi no Middlesbrough. Dei har nytt godt av at mange lag ikkje har fått spelt kampar i det siste. Dei to siste på heime har endt med 1-0 og 2-0 over Bournemouth og Nottingham Forest. Sterke resultat og Chris Wilder har fått på plass eit solid fundament no. På bortebane har dei ikkje tapt sidan starten av november mot Luton. Andraz Sporar matchvinnar i deira to siste og ser ut til å fått ein ny vår under Wilder.
Odds, Norsk TippingH: 3.20
U: 3.30
B: 2.05
Coventry – Millwall: Coventry ligg på ein tiandeplass etter at deira to siste kampar blei utsatt grunna koronasmitte. Dei har dermed ikkje spelt kamp sidan 11.desember. Før den tid var det ei lang rekke med lite poeng. Fire uavgjorte og eit tap på sine fem siste. I deira siste kamp hadde dei kanskje fortjent meir men med tanke på at utlikninga kom på overtid så var dei kanskje ikkje for skuffa. Møter her Millwall som ligg to plassar og fire poeng bak på tabellen. Har også hatt spelefri sidan 11.desember i det som blei eit skuffande resultat. Då gav dei frå seg 1-0 og tapte 1-2 borte mot Peterborough. Har vore gode heime den seinare tid men på bortebane har det blitt tynt med poeng. Tap mot både Peterborough, Hull og Huddersfield samt poengdeling mot Middlesbrough. Gary Rowett treng ein siger om dei skal vere ein del av den playoff-jagande gjengen.
Odds, Norsk TippingH: 1.80
U: 3.30
B: 4.20
Kampane Swansea-Luton, Birmingham-Peterborough, Sheffield United-Hull og Reading-Fulham blei utsatt grunna smittesituasjonen i dei ulike klubbane.