More

    Reading – Fulham

    Reading – Fulham
    Det har ikkje blitt mange kampar på desse to laga den siste månaden. Og resultata i dei få var ikkje særleg å skryte av. Denne hengekampen er uansett ein moglegheit for Reading å auke luka ned til nedrykksplass. For Fulham handlar det om å ta seg opp på direkte opprykk igjen.
    Laget som kom seg til playoff i fjor, men denne hausten har berre vore tragisk for Reading og manager Veljko Paunovic. Overleve han januar måned? Det hjalp uansett ikkje at Reading hadde ein pinleg exit i FA-cupen i helga. Kidderminster frå nivå seks snudde oppgjeret og vant 2-1 over laget frå nivå to. Det kan umogleg ha gitt sjølvtillit framfor denne langt vanskelegare kampen. Reading blei hardt råka av korona i desember og gjekk 23 dagar utan kamp før dei måtte til dyst i den viktige kampen mot Derby 3.januar. Junior Hoilett trudde han hadde sikra tre poeng då han gav laget både 1-0 og 2-0. Men Derby kom fortent tilbake i kampen og sikra 2-2 med to seine mål. Dei tre siste kampane har enda med to uavgjorte og eit tap, og normalt sett nærma det seg difor ein siger igjen for det ustabile laget. Men, førre heimesiger kom så langt tilbake som 16 oktober då stakkars Barnsley blei slått 1-0. Med fleire spelarar tilbake og John Swift fortsatt i klubben kan dei fint finne på å vinne her. Dei slo jo faktisk Fulham 2-1 på bortebane tidlegare i haust.
    Fulham fekk spelt kamp igjen i helga då Bristol City blei slått 1-0 på bortebane i FA-cupen etter Harry Wilson sitt mål i ekstraomgangane.. Før den tid hadde dei også spelt minimalt med kampar den seinare tid. Laget som var på full fart mot Premier League fekk det skikkeleg tøft i det vi gjekk mot advent. Fire strake uavgjorte blei avslutta med 0-1 heime mot Sheffield United. Det var tafatt og målfattige kampar og lite var igjen av målshowet som Mitrovic og co hadde varta opp med i dei sju føregande kampane. Kanskje var koronapausen akkurat det laget trengte? Har 6-3-2 på bortebane i år. 
    Mogleg lagoppstilling: Reading sine fryktelege skadeproblem gjennom hausten er i betring, men fortsatt mangla Yakou Meite, Lucas Joao, Felipe Araruna, Michael Morrison og Tom McIntyre. I tillegg er Rahman Baba og Andy Yiadom opptatt med afrikamesisterskapet. For Fulham er Serri opptatt med landslaget sitt, mens Ivan Cavaleiro er ute med skade. 
    Reading: Southwood, Holmes, Moore, Dann; Yiadom, Drinkwater, Laurent, Rahman; Swift, Halilovic; CarrollFulham: Rodak; Tete, Adarabioyo, Ream, Robinson; Reed, Cairney; Wilson, Carvalho, Kebano; Mitrovic
    Odds, Norsk TippingH: 6.40
    U: 4.30
    B: 1.40

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen