Reading – Derby: Året starta med årets viktigaste kamp for begge lag. Kven hadde trudd at Derby faktisk skulle ha eit lite håp om å halde seg i divisjonen? Det er neimen ikkje umogleg med deira formkurve, og dermed er det faktisk berre elleve poeng opp til nettopp Reading. Bortelaget står med tre strake sigre mot råsterk motstand. Først blei Blackpool og WBA slått 1-0 heime. I fjorårets siste kamp slo dei til med 2-1 siger over Stoke. Passande var det at matchvinnarane mot Blackpool og WBA stod for måla i den kampen og. Ungguten Luke Plange har fått sjansen i den skadeskutte og koronautsatte troppen til Wayne Rooney. Han har tatt sjansen med begge hender. Det same har Colin Kazim-Richards som står som med matchavgjerande skåring i sine to siste, og hans to første for sesongen etter ein haust med skadeproblem. Reading på si side har hatt mykje fri den seinare tid og har fått utsatt sine kampar mot Peterborough og Fulham. Før den tid hadde dei to sterke bortesigre mot Preston og Swansea men det var og einaste opptur på dei siste ti kampane. Fattig poengfanst og poengtrekk denne hausten gjer at dei er faretruande nær nedrykksplassen. To poeng ned til Peterborough. Det trengs siger. Med tap her blir det veldig skummelt.
Odds, Norsk TippingH: 2.25
U: 3.15
B: 2.95
Stoke – Preston North End: Stoke fekk ein blytung avslutning på året 2021. Etter to tap og ein uavgjort såg det ut til å vere på rett spor med sin siger borte mot QPR tidlegare i desember. Men deretter blei det ikkje fleire kampar dei kommande vekene. Dei fekk likevel avslutta året med ein kamp men dei skulle kanskje håpt at også den blei avlyst. Derby stakk nemleg av med alle tre poenga til tross for at Tom Ince utlikna mot sine gamle lagkameratar. Har no fem poeng opp til playoff men med fleire kampar til gode kan dei med siger her vere i rute. Preston har hatt enda lengre pause enn Stoke og har ikkje spelt ein kamp sidan 11.desember. Då tok deira nye manager Ryan Lowe sin første siger i ein kamp Barnsley blei slått 2-1. Med alt frå 1-4 kampar til gode på laga rundt seg på tabellen er det mykje som kan skje om Lowe får fart på sakene. Dei møter her eit skada dyr som er svoltne på siger.
Odds, Norsk TippingH: 2.10
U: 3.10
B: 3.55
Bournemouth – Peterborough, Swansea – Fulham og Nottingham Forest – Barnsley utsatt på grunn av koronasmitte.