Reading – Blackburn: Reading vil nok følgje nøye med på kva som skjer i Derby timane før denne. Men det trengs sårt ein siger for Barnsley, Derby og til ein viss grad Peterborough jaga bak.
Man kan sei at son redda far i midtveka då Reading på mystisk vis fekk med seg eit poeng i bortekampen mot Bournemouth. Tom Ince sitt fantastiske skot i det 83 minutt kan uansett vise seg å bli eit viktig poeng for laget som no ligg to poeng framfor Barnsley og fem framfor Derby. Det var nødvendig for sjølvtilliten også etter to braktap på bortebane og eit fortent 0-1 tap på heimebane i dei siste tre. Paul Ince har ikkje akkurat gjort ting betre i Reading, men det var det vel heller ingen som hadde forventa. Ørjan Nyland debuterte i midtveka mot sin gamle klubb og stod ein god kamp. Vil igjen få sjansen frå start her.
Blackburn var til god hjelp for Reading i midtveka då dei endeleg kom tilbake i skåringsmodus mot Derby. Det tok 51 minutt men plutseleg stemte det framfor mål igjen. Det var herleg å sjå Blackburn i starten av andre omgang med sitt elleville press. Tyrhys Dolan var god og krona det med skåring. Viktig for Sam Gallagher var det også med eit mål i tilfelle Ben Brereton Diaz igjen er ute. Han har knapt spelt ein kamp for klubben etter nyttår og må ta skulda for at ting har gått galt. Er på fjerdeplass med sine 61 poeng men det er berre to poeng ned til laga som jaga dei fire ledige playoff-plassane. Har 0-2-4 på sine siste seks bortekampar og vi må heilt tilbake til bortekampen mot Cardiff 15 januar for å finne sist laget skåra vekke frå Ewood Park.
Mogleg lagoppstilling: Enormt viktige John Swift er nok tilbake for Reading, Brereton Diaz fortatt ute for Blackburn.
Reading: Nyland; Yiadom, Holmes, Morrison, McIntyre; Laurent, Rinomhota; Ince, Swift, Ejaria; Joao
Blackburn Rovers: Kaminski; Lenihan, Van Hecke, Wharton; Giles, Travis, Rothwell, Pickering; Johnson; Gallagher, Dolan
Odds, Norsk Tipping:H: 3.15
U: 2.95
B: 2.25
Resten av runda inneheld kampane:
Sheffield United – Barnsley: Yorkshire-derby og topp mot botn. Begge lag treng sårt siger. Barnsley kan ta steget over streken om dei vinn og Reading tape.
Bristol City – West Brom: Kamp mellom to lag som ikkje har så mykje å spele for. Bristol City eit sterkt heimelag.
Huddersfield – Bournemouth: Kampen om direkte opprykk og andreplassen. Huddersfield-siger her og Bournemouth vil kjenne presset. Bortesiger og andreplassen så godt som i boks.
Hull – Luton: Luton treng siger for å behalde playoff-plass. Har tidvis slitt på bortebane. Hull tilbake i form?
Stoke – Millwall: Stoke i dårleg form møter Millwall i kanonform. Blir det ny tung dag på Britannia?
Swansea – Birmingham: Swansea og Martins med ny siger i midtveka. To lag med lite å spele for. Stinka heimesiger.