More

    Queens Park Rangers – Swansea

    Queens Park Rangers – Swansea:
    QPR er innen rekkevidde til direkte opprykk. 
    WBA og Bournemouth har på rekke og rad gitt frå seg andreplassen i Championship. No er Blackburn innehavar av denne etter gårsdagens siger, men QPR er berre fem poeng bak og har to kampar til gode. 
    Formkurva til Mark Warburton sitt mannskap tilseie at det absolutt skal vere mogleg med tre poeng i denne hengekampen mot Swansea. Dei har på rekke og rad senka Bristol City, Birmingham, WBA og Coventry. Dei tre borteresultata har alle enda med 2-1 siger mens dei heime mot WBA tok ein 1-0 siger etter Charlie Austin sitt mål i siste ordinere speleminutt. I tre av kampane har QPR avgjort etter 88 minutt (Sjølv om det i sist kamp mot Coventry var 16 minutt med overtid) og tar man med bortekampen før der igjen mot Derby, som og blei avgjort på overtid, ja så snakka man om eit lag som elska å avgjere på overtid. Laget som har skåra i alle bortekampar denne sesongen har sakte men sikkert funne ein ro og stabilitet man ikkje visste var mogleg å få til på Loftus Road.
    Swansea har ikkje funne stabilitet denne sesongen. Russell Martin sin første sesong ser ut til å ebbe ut i ingenmannsland.  Det såg ein periode ut som det var noko stort på gang med storskalpar på rekke og rad, men sidan har det slokna litt på Liberty. Førre bortesiger kom i slutten av november då Barnsley blei slått 2-0. Dei to seinaste har enda med tap og uavgjort mot Boro og Huddersfield. Sist helg tok dei likevel ein etterlengta siger då Ryan Manning sitt fantastiske langskot etter knappe timen blei avgjerande, deira første siger på fem kampar. Med sin 17 plass og sine 31 poeng må det ein siger til her om det skal vere eit ørlite håp om playoff.
    QPR mangla Stefan Johansen i sigeren over Coventry i helga. I hans fråvær gjorde Andre Dozzell ein god figur. Det er fortsatt usikkert om nordmannen blir klar igjen til denne kampen. Heimelaget må også klare seg utan trioen Dieng, Chair og Kakay som er ute på landslagsoppdrag. For Swansea kan Hannes Wolf kanskje få sin debut frå start. Tyskaren som kom på lån førre veke fekk nokre minutt i sigeren sist.
    Mogleg lagoppstilling:
    Queens Park Rangers:Marshall; Dickie, Dunne, Barbet; Adomah, Dozzell, Field, Wallace; Willock; Dykes, Gray
    Swansea City:Hamer; Cabango, Naughton, Manning; Christie, Downes, Grimes, Latibeaudiere; Smith, Piroe, Wolf
    Odds, Norsk TippingH: 2.15
    U: 3.20
    B: 3.05
    Dei fire andre kampane i dag:
    Coventry – Stoke: Litt uflaks hadde Coventry som ikkje fekk med seg noko i heimeoppgjeret mot QPR i helga. Utlikningsmålet til Jordan Shipley hadde fortent å avgjere kvar einaste fotballkamp. Dermed klarte dei ikkje å bygge vidare på den sterke 4-1 sigeren over Peterborough veka før. Dermed har dei berre ein siger på sine åtte siste. Ille nok er det også at Matt Godden er ute ei lite stund til. Han kunne nemleg opplyse om at han måtte fjerne blindtarmen førre veke. Ikkje bra for eit lag som har stolt mykje på han den seinare tid. Stoke tapte 2-3 heime mot eit redusert Fulham i helga. Kjekt var det at  D’Margio Wright-Phillips skåra sitt første seniormål for klubben. Naboar på tabellen og med kampar til gode begge to, ein siger her vil verkeleg gje håp om å karre seg opp i den enormt tøffe kampen om playoff i år. Stoke si formkurve er langt betre enn heimelaget sitt, og dermed skal dette vere duka for eit heftig oppgjer.
    Birmingham – Peterborough: Endeleg satt sigeren for Birmingham. Nysigneringa Onel Hernandez sendte laget i føringa mot Barnsley før Scott Hogan sikra tre poeng. 2-1 sigeren var deira første sidan november og gav eit lite pusterom i botnen. Men den kan bli kortvarig om dei ikkje slår Peterborough. Posh holdt lenge mot WBA og såg ei stund ut til å kunne sjokkere på bortebane, men tre raske dei siste ti minutta øydela det håpet. Fire poeng på siste ni kampar er ikkje godt nok om det skal vere håp om å overleve. Men med to hengekampar og berre tre poeng opp til Reading skal det ikkje så mykje til heller. Vant det motsatte oppgjeret heile 3-0.
    Luton – Bristol City: Etter tre sigre og ein uavgjort sa det stopp i bortemøte med Sheffield United. To raske mål etter pausen samt utvisning på Reece Burke øydela. Var uansett ein svak kamp og ein liten nedtur etter dei imponerande resultata før den tid. Slo Bournemouth førre heimekamp og skal derfor vere storfavoritt mot Bristol City. Men sjå opp for Chris Martin og Andreas Weimann. Dei var fantastiske i derbysigeren over Cardiff i helga. Martin med to herlege skot og Weimann sikker då han kontra inn 3-1. To ganger 3-2 heime dei siste 14 dagane med 2-6 tapet for Fulham i mellom. Kan derfor bli litt målrikt her.
    Nottingham Forest – Barnsley: Forest tok tre poeng i derbyet mot Derby i helga. Lewis Grabban og yndlingen Brennan Johnson sikra 2-1 sigeren. Det var nok ein god kamp av Steve Cooper sitt mannskap som no berre er fire poeng unna playoff. Møter fortapte Barnsley som verkar å vere ferdig med si tilvære i Championship. Poeng i denne kampen verka og utenkeleg då laget håpte på å få utsatt kampen grunna koronasmitte. Med berre 13 mann på trening måndag. Men søknaden blei avslått og dermed blir det mest truleg kamp. Med eit redusert bortelag.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen