To lag med litt å bevise møtes til dyst denne fredagskvelden. Mark Warburton som no er manager for QPR har nok lyst å slå sin gamle klubb. Førre sesong vant QPR 2-0 heime på Loftus Road etter mål av Lyndon Dykes og Ilias Chair. Til flomlyskampen på Loftus Road tar også 3000 Forest-fans turen. Det blir livlig i kveld.
Dykes og Chair er menna som har gjort det for QPR denne sesongen også med sine fire og seks mål i ligaen. Det passa bra sidan dei to største namna i Andre Gray og Charlie Austin ikkje har slått heilt til denne hausten. I ligaen har QPR vunne sine tre siste heimekampar i ligaen. Den siste veka har derimot ikkje vert så veldig bra. Først gjekk dei på eit tungt nederlag mot Peterborough som snudde kampen med sigersmål på overtid. I midtveka var QPR klar for å ta eit nytt steg i ligacupen, men det blei stopp mot Sunderland etter straffekonkurranse heime på Loftus Road. Ligger a poeng med Luton som inneheld femteplassen på tabellen.
Nottingham Forest har også noko å bevise denne kvelden. Steve Cooper stod med fire strake sigre og nedrykk var bytta ut med opprykkshåp. Det håpet fekk ein knekk med 0-4 heime mot Fulham der tre av måla kom i løpet av ein periode på ni minutt i andreomgang. Har berre fire poeng opp til playoff og vil med siger her vere med for fult igjen. Fire mål i sekken var nok eit sjokk for Forest, men det var også skuffande for formtrioen på topp å gå mållause på bana for andre kamp på rad. Helten i førre bortekamp, Lyle Taylor må nok finne seg å vere på benken frå start her.
QPR har klaga på kort oppladning til kamp grunna ligacup i midtveka og fredagskamp her. Korleis vil det slå ut? Forest kjem frå 0-4, men det var absolutt ikkje ein dårleg prestasjon dei leverte i den kampen. Det ligg ann til å bli ein veldig spennande kamp.
Mogleg lagoppstilling:
Queens Park Rangers:
Dieng; Dickie, Dunne, Barbet; Adomah, Ball, Johansen, McCallum; Chair; Austin, Dykes
Nottingham Forest:
Samba; Worrall, Figueiredo, McKenna; Spence, Yates, Garner, Lowe; Zinckernagel, Johnson; Grabban