Queens Park Rangers-Luton Town
20.45
Viasport 2
QPR og Luton startar ballet igjen etter landslagspausen. Begge lag veit at eit av laga vil vere på playoff når lysa på Loftus Park blir slått av kl 23.00 på fredagskvelden. I fjor vant QPR begge oppgjera, med
blant anna 3-1 siger heime på eige gras.
QPR skulle stått med fire sigre på rad men i siste heimekamp før landslagspausen fekk dei ei ergeleg utlikning på overtid i 1-1 kampen mot Forest. Dette var ein kamp dei absolutt hadde fortent alle tre poenga i. Til tross for god poengfangst er det noko urovekkande at det tredje mestskårande laget i divisjonen berre har skåra eit mål per kamp dei siste seks oppgjera sine. Blant anna har Lyndon Dykes berre eit mål på desse seks kampane, mens Andre Gray skåra sitt første mål på seks veker i deira 1-0 siger før pausen. Mark Warburton er nok litt spent på kva som venta han etter denne friperioden.
Luton trengte litt fri no. Den lille klubben såg sletne ut i dei siste kampane sine noko som resulterte i to tap på sine siste tre. Særleg bortekampen mot Preston var skuffande av Natan Jones mannskap. Man kan eigentleg sei at man bortsett frå fem minutt mot Middlesbrough så har Luton hatt tre kampar utan energi og utan mål. Heldigvis for dei så blei det tre mål på desse fem fantastiske minutta. 11 plass til tross, det er berre to poeng opp til QPR på playoff. Om dei får til ein litt betre bortestatistikk så er dette laget godt nok til å kjempe om topp seks denne sesongen. Men då er ikkje to sigre på dei første åtte bortekampane godt nok.
På skadefronten er nok Stefan Johansen tilbake i startoppstillinga. Han gjekk glipp av bortekampen mot Blackpool grunna sjukdom. Charlie Austin kan fort måtte erstatte Lyndon Dykes som ikkje var tilgjengeleg i Skottlands kamp mot Danmark tidlegare i veka.
Luton får på si side tilbake viktige Fred Onyedinma. Jordan Clark og Luke Berry er kanskje klare for ein plass på benken til denne kampen.
Mogleg lagoppstilling:
Queens Park Rangers:Dieng; Dickie, Dunne, Barbet; Adomah, Dozzell, Johnsen, Odubajo; Chair, Willock; AustinLuton Town:Sluga; Burke, Bradley, Naismith; Bree, Osho, Mpanzu, Bell; Cornick, Adebayo, Onyedinma