More

    Preview: Championship-runda kl 16.00

    Bristol City – Birmingham: Det var lite å stille opp mot i bortekampen mot Forest sist og berre ein god keeper i Daniel Bentley redda dei frå å tape meir enn 0-2. Har derimot vunne fire av sine fem siste kampar heime på Ashton Gate med formspelar Andreas Weimann i hovudrolla. I deira siste kamp mot Boro både skåra og serverte han i 2-1 sigeren. Birmingham var ikkje like sjanselause i deira heimekamp mot Huddersfield, men enda likevel opp med tap 0-2 til tross for stort ballinnehav. Det mest gledelege den kampen for ein skadeplaga tropp var at Tahith Chong fekk nokre minutt for første gang etter skaden han pådrog seg i september. Lee Bowyer og co treng ein bortesiger igjen snart. Deira tredje og siste bortesiger kom heilt tilbake i oktober.
    Derby – Barnsley: Derby tapte skjebnekampen mot Cardiff i midtveka og dermed ser det ut som «The great escape» berre blir med nesten. Tre strake tap med eit enkelt mål i kampar dei kunne tatt poeng i. Fortsatt er ikkje eigarproblematikken løyst men det verkar som om klubben får utvida frist til å ordne opp. Må uansett vinne denne om ikkje luka opp til trygg plass skal bli større enn dei åtte poenga. Tom Lawrence tilbake frå karantene kan hjelpe. No begynne det endeleg å svinge litt av Barnsley igjen. To sigre på rappen og tre på dei siste fire. Sterkt av eit lag som berre hadde vunne to av sine 28 første kampar. Den sterke bortesigeren over Hull blei fulgt opp av ein like sterk heimesiger mot Middlesbrough. Kaptein Mads Juel Andersen stanga inn sitt første seriemål for sesongen og før 50 minutt var spelt hadde lånesigneringa i januar, Amine Bassi, auka til 3-0  med sine to første for klubben. Dermed blei det tre poeng sjølv om Boro reduserte to gangar. Med siger i hengekampen vil dei berre være tre poeng bak Reading på trygg plass.
    Hull – West Bromwich: Etter seks kampar utan siger for deira nye manager kom endeleg dei tre poenga i bortekampen mot Peterborough. Mannen med den fantastiske høgrefoten, Keane Lewis-Potter, med to fine mål i 3-0 sigeren. Redda dermed litt av inntrykket sist veke etter 0-2 heime mot Barnsley få dagar før. Får sjansen til å revansjere seg på heimebane etter tre mållause tap der. For WBA vil det seg rett og slett ikkje om dagen. Framfor mål har det knytt seg fullstendig og berre Callum Robinson sine to stolpetreff var i nærleiken av mål i heimekampen mot Swansea på måndag. Står dermed med berre eit poeng og eit skåra mål på sine sju siste kampar. Utrulege fire sigre på siste 20 kampar i serien. Håpet om opprykk svinne hen for Steve Bruce og co.
    Middlesbrough – Luton: Det var ein særs skuffande oppladning til FA-cupen då Boro rauk 2-3 borte mot Barnsley sist helg. Til tross for ein sluttspurt måtte dei reise tomhendt heim frå Yorkshire. Det har gått litt tyngre igjen for Chris Wilder etter at laget endeleg hadde klatra opp på playoff med tre tap og ein uavgjort på sine siste sju. Heime på Riverside har dei derimot sju strake sigre og berre tre baklengsmål. I tillegg tok dei ein ny skalp då Tottenham blei slått ut av FA-cupen etter ungguten Josh Coburn si skåring i ekstraomgangane. Luton tok seg opp på playoff då Danny Hylton blei matchvinnar mot Derby sist. 33-år gamle ringreven må finne seg i lite speletid men flotte mål som den sist auka sjansen for fleire innhopp. Har vunne åtte av elleve kampar i 2022. Sist bortekamp enda med 2-1 over Stoke, mens dei i kampen før der fekk juling 0-3 av Birmingham. Fortsatt litt ustabile på bortebane der altså. Varma opp med å sjokkere Chelsea i FA-cupen i midtveka då Reece Bruke gav dei leiinga etter to minutt. Til tross for eit redusert mannskap var det først i sluttminutta at Chelsea snudde til 3-2 siger. Hardt slag for Natan Jones at innlånte keeper Jed Steer måtte ut med skade som sette han ut av spel. Harry Isted fekk 70 minutt mot Chelsea men erfaring har han lite av elles.
    Preston North End – Bournemouth: Det var ein kjedeleg bortekamp for Preston sist, heilt fram til det 84 minutt. Då fekk Liam Lindsay raudt kort for Preston før dei få minutt seinare ordna seg sjølv eit straffemål og raudt kort til Coventry. Men dei tre poenga glapp på overtid. Det gode heimelaget har i 2022 ikkje gått sigrande av bana på Deepdale. Fem uavgjorte kampar og eit sjokktap mot Reading er fasiten. Er likevel med i kampen om playoff med sin 12.plass. Bournemouth begynne å få litt kontroll på andreplassen igjen. Scott Parker sitt mannskap har både to, tre og fire kampar til gode på laga bak seg, i tillegg til dei to poenga ned til tredjeplass. Står med fire strake sigre og har på deira to siste kampane snudd 0-1 til 2-1 i løpet av dei siste ti minutta med Jamal Lowe som målskårar i begge. Sist var det mot eit Stoke-lag med ti mann.
    QPR – Cardiff: QPR var eit av laga som var nærast Fulham i starten av februar men med 1-2-3 på sine fem kampar i den kortaste månaden i året må dei igjen sjå seg bakover på tabellen i det som blir kamp om playoff. Heime på Loftus Road har dei 3-3-0 på sine siste seks kampar. Førre heimekamp enda med ein sterk 2-1 siger over Blackpool til tross for ein heil omgang med ti mann etter lånesigneringa Dion Sanderson si utvisning. Har berre tre poengs margin ned til Sheffield United utanfor playoff og med ein kamp meir spelt må det bli siger her. Cardiff kan slå fast at dei spelar Championship neste år. Hengekampen i midtveka blei avgjort seint då Boro-utlånte Uche Ikpeazu igjen blei tunga på vektskåla. Etter kampslutt kunne Cardiff melde at midlertidig manager ut sesongen, Steve Morison, får fortsette som manager utover den perioden. Heilt fortjent etter å ha plukka like mange sigre som tap til no i år (5)
    Reading – Millwall: Reading blei most i bortekampen mot Blackpool sist til tross for at Joao skåra sitt femte mål på fem kampar etter sitt lange skadeavbrekk. Dermed stoppa rekka med to strake sigre som gav litt pusterom til laga under streken. Er fortsatt under hardt press og Paul Ince treng ein ny siger her då Derby og Barnsley skal møtes og minst eit av laga vil ta poeng. Jake Cooper stanga inn sitt tredje for sesongen og sikra Millwall ein sterk siger heime mot Sheffield United sist. Dermed står Gary Rowett sitt mannskap med fire strake sigre i ligaen og berre fem poeng opp til playoff-plassen som vi avskreiv for få runde sidan. Slo Derby i sist bortekamp i det som berre var deira andre bortesiger sidan midten av oktober.
    Stoke – Blackpool: Stoke var nær ein sterk bortesiger mot Bournemouth men der forsvarsspelar Tommy Smith hadde gitt dei leiinga klarte forsvarsspelar Morgan Fox å pådra seg raudt kort etter 50 minutt. Leiinga holdt til 84 minutt før sigersmålet kom i siste ordinære minutt. Dermed blei det nytt tap på Stoke som berre har vunne ein av sine siste åtte. 1-1-1 på siste tre på Britannia der det blei siger over Swansea, uavgjort mot Birmingham og tap mot Luton. Tapte 1-2 borte mot Crystal Palace i midtveka, igjen med ein forsvarsspelar på skåringslista. 15 plass og heile ti poeng opp til playoff. Blackpool ligg plassen framfor med eit poeng meir. Dei står med 4-3-2 i 2022 og har snudd den dårlege trenden før jul. Sist bortekamp enda med 1-2 mot QPR men i helga slo dei til med 4-1 over Reading på Bloomfield Road etter at bortelaget tok leiinga. Haustens store spelar for Blackpool Shayne Lavery skåra eit av måla og vinterens store spelar Josh Bowler skåra nok eit praktmål.
    Swansea – Coventry: Swansea leverte ein strålande bortekamp mot WBA på måndag. Til tross for svære sjansar måtte dei vente til det 80 minutt før Joel Piroe styrte inn sitt 13 for sesongen. Få minutt seinare avgjorde Cyrus Christie kampen og ein etterlengta bortesiger var i boks. Før den stod dei med tre strake bortetap og 0-9 i målforskjell. Heime går det derimot betre med 9 av 12 moglege poeng på siste fire. Matt Godden nærma seg stadig retur for bortelaget, og kanskje kjem den allereie her. Det var det manager Mark Robbins håpte på. Sjølv om laget har greitt seg greitt i hans fråvær vil nok det hjelpe på eit lag som berre har skåra to eller meir i to av dei ti kampane Godden har mangla. Sist satt målet og poenget langt inne men ungguten Fabio Tavares valte eit perfekt tidspunkt for sitt første mål då han på overtid banka ballen i vinkelen og sikra 1-1 mot Preston. Står med 3-0-2 på sine fem bortekampar i 2022.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen