Dagens fotball får du frå League One.
Portsmouth treng sårt ein siger igjen, og for brødrene Cowley må den helst komme her om håpet om playoff skal vere realistisk framover. Ting såg lyst ut før korona sette ein effektiv stoppar for alt av fotball ut desember. Tilbakekomsten på fotballbana starta med 110 minutt lang 0-0 kamp borte mot Cambridge før dei tapte 1-2 heime mot Milton Keynes. Problema framfor mål fortsette i neste bortekamp som enda 0-0 mot Wimbledon før det igjen blei null skåringar og 0-1 tap borte mot Sunderland sist. I eit håp om betring framfor mål kom Tyler Walker, på lån frå Coventry, inn portane. Det trengs då John Marquis gjekk vidare til Lincoln i januarvindauget. Til no er det midtbanespelar Marcus Harness som har stått for flest skåringar med sine ni. Ligg på tiande med åtte poeng og ein kamp mindre spelt enn Oxford som innehar sjetteplassen. Står med 6-3-3 heime på eige gras.
Charlton fekk ein forrykande start under midlertidig manager Johnnie Jackson. Han tok laget frå nedrykksplass til nærleiken av playoff på sine ti første kampar. Etter at den midlertidige stillinga blei permanent har det gått verre. Hadde tre tap og ein uavgjort før dei tok imot Fleetwood førre helg. Då sikra dei to lokale spelarane Mason Burstow og Albie Morgan tre poeng og ein finfin 2-0 siger. Med sin 14 plass og 33 poeng har dei ein litt for lang veg opp til playoff om dei ikkje får ei ny sigersrekke under Jackson. Jayden Stockley har vore ein viktig spelar for Charlton denne sesongen. Diverre har han gått glipp av fleire kampar den seinare tid på grunn av mystisk hofteskade. Det er håp om at kapteinen og storskåraren snart er tilbake på bana. Har 2-2-3 på sine sju bortekampar under Jackson. Det er då ikkje lystig lesing at dei fem siste er utan siger.
Oppgjeret på The Valley tidlegare i sesongen enda 2-2. Då utlikna Josh Davison få minutt før slutt for heimelaget. Han er no blitt utlånt til Swindon Town i League Two for resten av sesongen.
Mogleg lagoppstilling:Denver Hume kan bli kasta rett inn frå start etter overgangen frå Sunderland, For gjestane er Jake Forster-Caskey og Jayden Stockley fortsatt ute. I tillegg er det usikkerhet rundt Marcus Carver.
Portsmouth:Bazunu; Carter, Raggett, Robertson; Romeo, Morrell, Tunnicliffe, Hume; Harness; Walker, Curtis
Charlton Athletic:MacGillivray; Clare, Inniss, Famewo; Jaiyesimi, Morgan, Dobson, Lee, Blackett-Taylor; Burstow, Aneke
Odds, Norsk Tipping
H: 2.00
U: 3.15
B: 3.50