More

    Port Vale-Bradford

    Port Vale-Bradford
    Kampstart 13.00
    Viasport 2
    Laurdag kl 13.00 er det dags for ein godbit frå League Two. Høgtflygande Port Vale tar imot den store og trøblete kjempen Bradford til kamp på Vale Park.
    Port Vale er i form, og med siger her er det tabelltopp som venta sidan miljølaget Forest Green har spelefri denne helga. Det hagla rett og slett inn med mål for Port Vale som har 21 mål på sine siste seks kampar i alle turneringar. Forrige helg banka dei til med 5-1 over Accrington Stanley frå League One i FA-cupen, med tre mål frå det tidligare Manchester United-talentet James Wilson. Han har saman med Jamie Proctor skapt eit frykta angrepsvåpen. Port Vale måtte vente heilt til femte serierunde før første siger for sesongen kom men har no vunne sju og spelt to uavgjorte på sine ti siste ligakampar. I midtveka var det Liverpool-reservene som fikk fem i sekken. Darrell Clarke sine menn har no eit håp om ein retur til League One for første gang sidan 2016/17-sesongen.
    Bradford er eit anna lag som ønsker seg vekk frå League Two. Men den store klubben med den store fanskaren har trøbla fælt dei siste åra. Nye managere har prøvd seg utan resultat. No er det Derek Adams som skal forsøke seg. Det starta bra i August før september enda med to poeng på fire kampar. Etter ein varierande start på oktober avslutta dei med å slå opprykkskandidat Swindon 3-1 på bortebane før serieleiar Forest Green blei haldne til 1-1 heime på Valley Parade. I midtveka blei Sunderland slått 4-2 etter straffekonk i Trophy Cup og dermed bør sjølvtilliten vere stigande. Cook og Cooke er to spelarar som Port Vale bør sjå opp for. Andy Cook står med sju mål denne sesongen og er ein fæl spelar å møte.
    Port Vale har berre tapt ein av siste seks mot Bradford og fjorårets oppgjer på Vale Park enda 2-1 til heimelaget. Til denne kampen mangla heimelaget viktige Jamie Proctor, det same gjer Alex Hurst og Devante Rodney. Bradford må klare seg utan viktige Abo Eisa som fortsatt er ute med skade. Muligens blir det Theo Robinson, som gikk frå Port Vale til Bradford i sommar som skal kastast innpå i denne kampen her?
    Mogleg lagoppstilling
    Port Vale 
    Covolan; Cass, Smith, Jones; Worrall, Pett, Garrity, Benning; Conlon, Politic; WilsonBradford City 
    O’Donnell; Threlkeld, Songo’o, O’Connor, Ridehalgh; Watt, Sutton; Gilliead, Cooke, Vernam; Cook

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen