More

    Onsdagens Championship-runde

    Kampane tysdag bøy på jubileumstap for Neil Warnock og Middlesbrough då hans 1602 kamp som manager enda med 1-3 borte mot Luton. Birmingham tok ein tredje strake siger med 3-0 heime mot Bristol City. Coventry gjekk på sesongens første heimetap etter skrekkopning heime mot høgtflygande Swansea. Formspelarane Jamie Paterson og Joel Piroe sine mål før tolv minutt var nok til å sikre ein sterk 2-1 siger. Benik Afobe sikra tre poeng til Millwall då Reading blei slått 1-0. I kampane mellom Nottingham Forest-Sheffield United og Peterborough-Huddersfield enda det 1-1 etter seine utlikninga frå heimelaga. I dag går dei siste seks kampane av stabelen, og det er eit par herlege kampar, både i topp og heilt i botn:
    Barnsley-Derby
    Her har du ein viktig kamp. Barnsley sparka manageren sin på måndag og det var nok heilt nødvendig etter ei rekke på 13 kampar utan siger. Med berre ein siger og ni mål på første 15 begynner det å haste om ikkje Barnsley skal måtte ta turen ned til League One igjen. Det er rart å tenke på at dei for berre 17 kampar sidan møtte Swansea i playoff til Premier League. Laget på 23.plass på tabellen hadde vore på 24.plass om ikkje Derby hadde fått 12 minuspoeng. Derby har til tross for tunge nyheiter stått på og kjempa til seg poeng etter poeng. Det var derfor ein litt skuffa gjeng som måtte sjå seg slått på heimebane mot Blackburn i helga. To siste på bortebane har enda uavgjort, men kunne tenkt seg ein siger igjen. Er berre Bournemouth som har slept inn færre mål enn Derby denne sesongen.
    Blackburn -Fulham
    Det er ein kamp i kampen her, og det er duellen mellom brennheite Ben Brereton Diaz og Aleksandar Mitrovic. Førstnemnte har blitt eit nytt menneske etter at han tok namnet Diaz. Seks mål til og han har skåra like mange mål med namnet Brereton Diaz som han har skåra med berre Brereton dei tre føregåande sesongane. Hans 12 mål er likevel langt unna Mitrovic sine 18. Det blei hans andre hattrick for sesongen i helgas toppkamp mot WBA. Ein viktig og solid siger som gav dei ei luke på fire poeng ned til tredjeplass. Mangla Tosin Adarabioyo i denne etter det totalt unødvendige raude kortet i sluttminutta sist. Blackburn berre eit poeng unna playoff og har berre tapt ein kamp på Ewood Park denne sesongen, mot WBA. Fulham med fire sigre på rad og 13-1 i målforskjell.
    Blackpool-Stoke
    Hadde du sagt til meg for fem kampar sidan at Blackpool skulle vere over Stoke på tabellen i november hadde eg blitt særs overraska. Men formkurva til desse to er veldig forskjellig. Blackpool flyr på ei medgangbølge man ikkje har sett sidan opprykket til Premier League for mange herrens år sidan. Laget har med tre strake sigre tatt turen opp på playoff no. Sist blei Sheffield United slått på bortebane, og det kom på toppen av derbysiger mot Preston og snuoperasjon borte mot Reading. Keshi Anderson sitt mål sist var av det vakre slaget, og berre eit bevis på flyten Neil Critchley sitt mannskap opplever no. Første back to back siger på bortebane på ti år i Championship. Stoke såg ut til å kunne ta opp kampen mot Fulham og WBA, men har dei fire siste kampane fått det veldig tøft. Etter tre strake tap såg det ut til å bli ein etterlengta opptur sist, men 3-0 leiinga mot svake Cardiff blei eten opp i løpet av fem forferdelege minutt. 3-3 og plutseleg er Stoke ti poeng unna direkte opprykk. Treng sårt ein siger snart om prosjektet til Michael O`Neill ikkje skal ende i tragedie. Steven Fletcher fant i det minste skåringsform igjen, og kanskje kan tilbakekomsten til langtidsskada Tyrese Campbell få fart på ting igjen også.
    Bournemouth-Preston North End
    Ny kamp og ny siger. Scott Parker sitt mannskap dura på vidare. Jack Stacey har returnert dei fire siste kampane, noko som har resultert i fire kampar utan baklengs. Faktisk har Stacey spelt 581 minutt denne sesongen og han har enda til gode å oppleve at Bournemouth sleppe inn eit mål. Sesongstarten til Bournemouth er tidenes beste start av eit lag i Championship, noko som har gitt ei luke på ni poeng ned til tredjeplass. Det virka umogleg at sesongens første tap kjem heime på Vitality Stadium der dei har vunne sine fem siste. Preston hadde mest sannsynleg vore på nedrykk om det ikkje var for dansken Emil Riis Jakobsen. To nye mål i den viktige sigeren over Luton sist. Mannen som berre fekk to mål heile førre sesong står no for sju av Preston sine 16 fulltreffarar denne sesongen. Til tross for ein beskjeden 19.plass har dei ni poeng ned til nedrykk. Takk Riis. Helsing Preston-fansen.
    Cardiff-Queens Park Rangers
    Det er rart korleis fotballen alltid finne ein måte å sjokkere på. Cardiff stod med åtte strake tap og utan manager. Etter 46 minutt i kamp nummer ni ligger dei under 0-3. Midlertidig manager Steve Morison drar opp frå hatten ein ungkalv med namn Mark Harris. 22-åringen levere 30 perfekte minutt og krona det med mål og assist i den elleville opphentinga som setter en stopper for tapsrekka. Berre eit annullert mål unna å ta med seg alle tre poenga. Prestere dei på det nivået framover blir det poeng. Møter her QPR som hadde vore på playoff no om det ikkje var for den seine utlikninga til Forest sist. Lyndon Dykes trudde han blei matchvinnar, men den gang ei. Står med 6-4-5 på sine første femten og er derfor eit typisk Championship-lag som kan hamne på alt frå topp 6 til topp 16.
    West Bromwich-Hull
    Billig straffe i mot, Snodgrass-gåvepakke, rødt kort på Darnell Furlong og 0-3 i den viktige toppkampen mot Fulham. Dermed blei det deira tredje bortetap på rad. Det lugga litt for Matt Phillips og co, men dei har tre sigre på rad heime på The Hawthorns. Må og skal vinne denne om dei skal halde følgje med Bournemouth og iallfall Fulham som skaffa ei luke på fire poeng ned til tredjeplasserte WBA. Hull skal få det tøft, og Hull har det allereie tøft. Ny kamp og nytt tap sist. Var eigentleg sjanselause heime mot Coventry og det var noko trist over det som blei levert der. No virka det som om alle, inkludert manager Grant McCann venta på at klubben skal bli kjøpt opp. Det vil vere ein opptur for fansen og nådestøyten for McCann. Hull står med ni poeng og ni skåra mål etter 15 kampar. 22.plassen kan fort bli til 23 og 24.plass om dei ikkje tar seg saman snart.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen