More

    Ny runde med Championship

    Kva skal man sei før ein laurdag med 12 nye kampar frå Championship? Lykke til er kanskje det enklaste, for å tippe resultat blir berre verre og verre i denne ligaen. Midtveka bøy på vanvittige kampar, drama og sjokkresultat. Alt var eigentleg som normalt med andre ord. Det er no berre seks poeng frå Queens Park Rangers på femte og Bristol City på 19.plass. Det er nesten ikkje til å tru. Men uansett, her er dei tolv kampane som mest sannsynleg ikkje vil gå som planlagt.
    Barnsley-Hull
    Dei trengte berre å sparke manageren sin, Barnsley. To dagar etter Schopp sin avgang blei det siger. Det starta rimeleg trått i botnkampen mot Derby men mål frå Victor Adeboyejo og Aaron Leya Iseka sikra Barnsley sin første siger på 14 kampar. Med denne sigeren klatra dei over dagens motstandar på tabellen. For ja, Hull fortsetter å tape. Ein siger på siste 15 er ikkje bra nok for Hull. Gjorde ein god figur tross alt borte mot WBA i midtveka, men innsatsen stod ikkje i stil til resultatet, 0-1. Ny enorm kamp i botnen her.
    Birmingham-Reading
    Birmingham starta sesongen fantastisk, deretter var dei forferdelege i sju kampar, før dei no står med tre strake sigrar. I midtveka tok dei ein ny siger heime på St.Andrews då Bristol City enkelt blei slått 3-0. Skår i gleda for Bowyer og co den siste veka er at Tahit Chong er ute i fleire månader og er reist tilbake til Manchester. Han har vore haustens spelar for klubben. Reading sliter tungt om dagen og har gått frå los på playoff til fire strake tap. Var tannlause i bortekampen mot Millwall i midtveka.
    Blackburn-Sheffield United
    Av og til er det bra at det kjem ein ny kamp ganske raskt etter den forrige. For Blackburn blei onsdagen eit mareritt dei aldri før har opplevd heime på Ewood Park. Fulham stoppa ikkje før det stod 0-7 på tavla, og litt av grunnen kan man tilskrive Jan Paul van Hecke som med sitt kamikaze-spark blei utvist på stillinga 0-2 etter 30 minutt. Tidenes største tap på Ewood Park skjer heldigvis ikkje her, for Sheffield United viser ikkje same form som Fulham. Det er berre seks poeng opp til playoff, men dei er fortsatt veldig ustabile. I midtveka hadde dei tre poeng i lomma mot Forest, men Morgan Gibbs-White sitt seine mål var ikkje nok til å sikre tre poeng, sjølv om angrepet aleine fortente å vinne kampen. Har berre ein siger på sine siste fire, men kan potensielt slå kven som helst.
    Bournemouth-Swansea
    Altså. Championship er kaos, det visste vi alle. Men det vi var vitne til på Vitality Stadium på onsdag var latterlig. Laget som sto utan tap dei første 15 tok imot eit lag som knapt skåra på bortebane. Så ender det likevel opp med sesongens første tap for eit Bournemouth som såg sjokkskada ut i andreomgang. Det var kanskje derfor Jamal Lowe og resten svei enorme sjansar. Korleis vil dette slå ut i denne langt tøffare kampen? Swansea er formlaget i divisjonen og Russell Martin har endeleg fått satt sitt preg på laget. Sterk bortesiger mot Coventry i midtveka med formspelarane Paterson og Piroe som målskårar. Om det no viser seg at det også har løsna på bortebane, ja då kan man kanskje sette pengar på opprykk.
    Cardiff-Huddersfield
    Etter den vanvittige opphentinga i bortekampen mot Stoke var det nok mange Cardiff-fans som gikk til kamp i midtveka med ny tru. Det enda diverre opp med 0-1 og lite action heime mot QPR. Er berre eit poeng ned til nedrykk og med eit poeng på åtte kampar. Cardiff blir rekna som eit dødball-lag, men det kan man trygt sei at Huddersfield er og. I tillegg til mykje anna skjer det noko når dei får dødball. Derfor blir vi ikkje overraska om denne kampen nettopp blir avgjort på den måten. Huddersfield var nære tre bortepoeng i midtveka, men sein utlikning øydela i ein kamp dei hadde fortent å vinne. Har fire bortekampar på rad utan siger.
    Coventry-Bristol City
    Coventry var ligaens beste heimelag, men på dei to siste har det enda med 1-1 mot Derby og 1-2 mot Swansea. Det har stoppa litt opp for Victor Gyokeres på skåringsfronten og kanskje er det han som skal få dei tilbake på vinnarsporet. Har fortsatt fjerdeplass, men kan fort fly nedover tabellen om det ikkje blir siger her. Bristol City vant jo endeleg på heimebane sist helg, men i midtveka var dei forferdelege i bortekampen mot Birmingham. Om det ikkje var for eit par veldig dårlege lag i botnen så hadde eg tenkt at det spøkte litt for Bristol City. Men vi venta litt med krisemaksimeringa.
    Luton-Stoke
    Adebayo og Cornick sikra ein ny heimesiger i midtveka når Boro blei slått 3-1. Luton er berre eit poeng unna playoff og ein ny siger på Kenilworth Road vil nok ta dei opp på topp seks. Den sterke andreomgangen sist betra dermed heimestatistikken som seier kun eit tap på åtte kampar denne sesongen. Stoke tok ein etterlengta siger i bortekampen mot Blackpool sist. Deira rekka på fire kampar utan siger tok slutt når Steven Fletcher på heldig vis fikk pirka sigersmålet inn. Han har forresten fått sine tre einaste mål for sesongen i dei to siste oppgjera. Ringreven er i form.
    Millwall-Derby
    Millwall leverte kanskje sin beste heimekamp for sesongen då Reading blei slått 1-0 i midtveka. Bendk Afobe sitt tredje for sesongen var eit enkelt men viktig mål for laget som berre er eit poeng unna playoff. Møter her Derby som tapte den særs viktige botnkampen mot Barnsley i midtveka. Sam Baldock gav dei leiinga men det enda med 1-2 tap til tross for massivt press i sluttminutta. Dermed ser det litt tyngre ut for Wayne Rooney og co som har gått sju kampar utan siger. Vegen opp til trygg plass er no på sju poeng.
    Nottingham Forest-Preston North End
    Det har lugga litt igjen for Forest etter ein god start under ny manager. To seine mål har i det minste sikra dei to poeng på dei to siste. Lewis Grabban med eit rart mål mot Sheffield United men kven bryr seg? City Ground har ikkje hatt mykje jubel denne sesongen og dei forventa nok sesongens andre heimesiger her. Det kunne man kanskje forventa om det ikkje var for Preston sin siste borteprestasjon. Dei slo nemleg til med 2-1 borte mot uslåelige Bournemouth. Jammen var dei heldige på slutten, men Ben Whiteman og Alistair McCann sine mål var uansett nok til sesongens største sjokk. Med det har Preston tatt ni av tolv moglege på siste fire.
    Peterborough-Fulham
    Fjorårets store spelar i League One Jonson Clarke-Harris sikra eit poeng i midtveka med si seine heading. Men dei var heldige som kom frå den heimekampen med eit poeng. Men med sine sju poeng på siste fire har dei ei luke på fire poeng ned til nedrykk. Den blir nok ikkje særleg større denne helga, for no kjem Fulham på besøk. 7-0 borte mot Blackburn i midtveka der andre enn Mitrovic stjal mesteparten av showet. Han fikk berre eit mens Kebano, Wilson og Muniz stakk av med to. Har vanvittige 20 mål på siste fem og berre eit baklengs. Det mestskårande laget med 43 mål, heile 16 mål meir enn Bournemouth som toppar tabellen to poeng føre.
    West Brom-Middlesbrough
    WBA ligge kanskje på tredjeplass, men eg er neimen ikkje sikker på at manager Ismael er heilt trygg likevel. Hadde det ikkje vore for Karlan Grant, igjen, hadde dei gått på eit pinleg 0-0 heime mot Hull i midtveka. Skal bli vanskeleg med direkte opprykk om spelet dei har vist den siste månaden ikkje betra seg. Middlesbrough har tapt sine to siste og er dermed nede på ein 14.plass på tabellen. Som dei fleste andre lag i Championship er det kort veg opp til playoff, men med sine ustabile resultat, er det lite som tyder på noko kamp i toppen denne sesongen.
    Blackpool-QPR
    Blackpool fikk igjen med same mynt i heimekampen mot Stoke i midtveka. Etter den heldige 1-0 sigeren borte mot Sheffield United sist helg, var det denne gang Blackpool sin tur å tape til tross for store sjansar til å vinne. Dermed blei det med tre sigre på rappen og playoff blei til 10.plass. Ny heimekamp og ny moglegheit her, men QPR kjem stinne av sjølvtillit etter 1-0 borte mot Cardiff. Vakkert vinnarmål av Andre Gray etter ein fantastisk assist av Andre Dozzell. Laget som innehar ein playoff-plass står med 3-1-4 på bortebane og er dermed eit lag vi kan kalle ustabile på bortebane. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen