Med berre to sigre på dei første femten var det klart at det lavast plasserte laget i ligasystemet i England måtte gjere noko. Scunthorpe United gjekk dermed for same løysning som Tottenham og Barnsley.
Manager Neil Cox fikk i dag beskjeden om at han er ferdig i klubben. Mannen med kampar for både Aston Villa, Middlesbrough, Watford og Bolton starta si spelarkarriere i nettopp Scunthorpe. 50-åringen tok over som manager i klubben i august 2020 i det som også blei hans manager-debut.
Cox siste kamp for Scunthorpe endte med 1-2 mot Colchester. Han fikk 451 dagar i managerstolen.