More

    Mitrovic herja, men resten av topplaga fikk det tøft

    Onsdag blei midtvekerunda avslutta med dei seks siste kampane. WBA satt kommandoen på topp på tirsdag, og no skulle Fulham og Bournemouth følge opp. 
    Fulham 3-1 Swansea 
    Fulham trengte å slå tilbake med siger i dag etter to skuffande resultat den siste veka. Det var derfor ikkje overraskande at dei gikk rett i strupen på Swansea. Allereie etter 12 minutt satt den første bak Ben Hamer i Swansea-målet. Tim Ream stod høgt i bana og fant ein feilvendt Mitrovic i boksen, som med ein touch og ei herleg vending hadde kvitta seg med heile Swansea-forsvaret. Deretter blei det ein enkel jobb å sette 1-0. Samme mann var nære på å servere Bobby Reid, men det fantastiske angrepet endte med skot over mål. Etter halvtimen var uansett 2-0 eit faktum. Joe Bryan vant ballen og avanserte opp i bana før han lot Neeskens Kebano servere Mitrovic, som enkelt breisida inn sitt andre for dagen. Swansea reduserte etter 38 minutt ved Jamie Paterson, som aleine med keeper var iskald når han tok ein piruett som sendte både keeper og Fulham-forsvaret i pølseboda. Men like før pause tok Fulham lufta ut av Swansea-håpet. Nok eit fantastisk angrep endte opp i beina til Mitrovic som med sitt smarte løp kunne styre inn 3-1 og sitt tredje for omgangen. I andre omgang roa det seg betraktelig ned, men Swansea kunne fort skapt spenning når Ethan Laird sendte ballen i tverrligaen. Fleire mål blei det ikkje og Fulham tok tre viktige poeng. 
    Peterborough 0-0 Bournemouth
    Vi meldte før kampen at dette ville være eit mulig bananskall for gjestene. Og det blei det. I ein sjansefattig kamp var det bortelaget som skapte det som var av sjansar. Morgan Rogers fikk sin første kamp fra start for Bournemouth og var nære å takke for muligheten etter 15 minutt. Uheldigvis for han blei det gode forarbeidet stoppa av keeper David Cornell. Nevnte Cornell var mannen som stoppa Dominic Solanke sine to muligheter i kampen også, og dermed kunne Posh-fansen juble over eit sterkt poeng mot eit topplag. Darren Ferguson og Peterborough sitt fort på heimebane ser veldig solid ut. 
    Luton 5-0 Coventry
    Oj, så det smalt på Kenilworth Road denne kvelden. Coventry kom hit med sjølvtillit ut av ei anna verd, men blei sendt heim som slakt. Luton har slitt med å få ordentlig sving på sakene denne sesongen og har berre periodevis vist oss det vi alle veit dei kan gjere. Det starta allereie etter tre minutt når Elijah Adebayo blei lagt i bakken av Jake Clarke-Salter inne i boksen. Adebayo tok straffa sjølv og sette den kontakt ned i hjørnet. 2-0 kom etter ein smart ball inn i feltet som til slutt havna på hovudet til Harry Cornick. Samme mann skulle no stå for serveringa og før pause hadde han servert både Luke Berry og Adebayo framfor målet. 4-0 til pause og ein horribel omgang av Coventry. Dei lyseblå prøvde seg i starten av andreomgang men endte til slutt opp med å gi vekk eit mål til dagens store spelar Cornick. Når sjølvtilliten har gått fra topp til bunn i løpet av 58 minutt kan det være smart å unngå fikse måtar å spele seg ut bakfra. Det prøvde dei seg likevel på og Cornick snappa ballen og fyrte inn 5-0. Dagens sjokkresultat var eit faktum, og kanskje eit bevis på at det fort kan være Luton av desse to som ligger på playoff i mai. 
    Derby 1-0 Reading
    Ja, kva skal man sei om Derby? Det er berre å ta av seg hatten for det dei prestere denne hausten. Ein kaotisk sommar uten mulighet for å kjøpe spelarar blei forverre med nyhetene om adminsistrasjon og uendelige minuspoeng. 12 av poenga er allereie trekt fra og Derby låg før denne kampen på sisteplass med -2 poeng. Etter dagens imponerende og viktige siger over Reading har dei allereie klart å komme seg tilbake på plusspoeng. Det blei ein hard batalje på Pride Park, med to lag som sleit med å skape dei heilt store sjansene den første halvtimen. Men fem minutt før pause tok det verkeleg fyr blant heimefansen. Jason Knight kom seg lekkert ned til kortlinja og fikk lagt inn. Langt bak i feltet venta Craig Forsyth som på mystisk vis fikk til ei heading som brukte 3 sekund fra den forlot hovudet til den sneik seg inn i mål. Ei perfekt lobb-heading vil nokre kalle det. Det var faktisk Derby som var nærmast 2-0 før kvilen men ei god blokkering hindra Sam Baldock. Derby har vært eit seigt lag å møte, men etter timen spelt holdt Curtis Davies på å forære John Swift eit mål. Hans forsøk på å spele seg ut bakfra endte rett i beina på Swift, men reservekeeper Ryan Allsop fikk hindra den målkåte midtbanespelaren. Som i forrige heimekamp blei det ein forsvarskamp den siste halvtimen, men nok ein gang dro Derby sigeren i land. Eit imponerande resultat av gjengen som nekta å gje seg.
    Barnsley 1-3 Nottingham Forest
    Managereffekten er eit faktum. Steve Cooper fikk drømmeresultatet sitt, og for ein måte å gjere det på. Barnsley tok kommandoen på Oakwell og var i føringa etter berre 20 minutter. Cauley Woodrow sendte keeper feil vei og ballen i mål på straffesparket som han sjølv hadde ordna. Resten av omgangen blei ein kamp prega av tøffe taklinga og lite action framfor mål. Etter timen spelt bytta Cooper inn Lewis Grabban, som var venta å måtte stå over denne grunna skade. Heldigvis for Forest var han klar for å spele ein halvtime, og for ein halvtime det blei. Først var Bodø Glimt-kjenning Philip Zinckernagel fryktelig nær utlikning, men skotet hans blei meisterleg redda. Men samme mann skulle få minutt seinare få målet sitt. Innbyttar Grabban spelte Brennan Johnson aleine gjennom før Johnson uselvisk lot Zinckernagel sette ballen i tomt bur. Og berre sju minutt seinare var kampen snudd, og rollene mellom Zinckernagel og Johnson også snudd. Igjen blei Johnson spelte gjennom men denne gangen valgte han å avslutte sjølv, med rette. Ti minutt før slutt fikk også Grabban målet sitt. Eit hardt innlegg langs bakken fant Grabban på bakre stolpe og enkelt 3-1. Ein råsterk snuoperasjon av Nottingham Forest, som for alvor kan sjå oppover på tabellen no. 
    Millwall 1-0 Bristol City
    Uavgjortspesialisten Millwall spelte ikkje uavgjort. Dei tok istadenfor sin andre siger for sesongen når Bristol City si gode rekke blei stoppe her. I ein jevn batalje på The Den, var det straffesparket til Jed Wallace etter 65 minutt som blei forskjellen på laga her. Tre viktige poeng for Gary Rowett sitt mannskap. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen