More

    Millwall – Huddersfield

    Millwall – Huddersfield: To formlag møtest til onsdagens tv-duell.
    Millwall har no gått sju kampar utan tap. Først fem sigre på rad før dei avslutta rekka med 0-0 borte mot Blackburn og heime mot Boro. I bortekampen mot Rovers var dei rett og slett heldige og skapte sjølv absolutt ingenting. Null skot mot mål. Men laget har på desse sju kampane stengt igjen bakover. Berre to baklengsmål, der begge var reduseringsmål i sluttminutta. Det er solide saker. Heime på The Den har dei fem kampar utan tap og null baklengs på desse fem. Fire sigre mot WBA, Cardiff, QPR og Sheffield United samt uavgjort mot Preston. Mason Bennett har vist seg fram i desse kampane og har stått for tre av av dei sju skåringane heime. Vi har eigentleg gitt Gary Rowett og co null håp i kampen om playoff, men med berre tre poeng opp så skal man aldri sei aldri. Men då må spissane finne nettmaskene igjen. Forsvarsspelar Jake Cooper har skåra deira to einaste mål i dei siste fire kampane og er på fjerdeplass på toppskårarlista i klubben.
    Huddersfield var så nær så nær ein ny sterk siger då Danny Ward sine to skåringar hadde gitt dei eit perfekt utgangspunkt i bortekampen mot WBA på fredag. Men to forferdelege minutt der ein gavmild dommar og eit gavmildt forsvar gav vekk to mål øydela drømmekvelden. Likevel, 17 kampar utan tap i ligaen. Laget på tredjeplass har den siste tida sett oppover mot andreplassen men må passe seg for laga bak også. Med berre seks poeng ned til sjuandeplass kan det fort snu om den gode rekka skulle stoppe opp. Sist bortetap kom i London då QPR vann 1-0 i slutten av november. Er det her rekka skal stoppe? Til tross for at det skilje sju plassar på tabellen så er det berre ni poeng mellom laga. Det seie alt om kor jamt det er. Det er og to dødballag som møtes her. Ikkje bli sjokkert om denne kampen blir avgjort av ein forsvarsspelar på corner. 
    Mogleg lag:
    Millwall: Bialkowski; Ballard, Cooper, M.Wallace; McNamara, Mitchell, Saville, Malone; J.Wallace; Afobe, Bennett
    Huddersfield Town: Nicholls; Turton, Pearson, Lees, Toffolo; Hogg, Russell, O’Brien; Thomas, Ward, Sinani
    Odds, Norsk Tipping:H: 2.35
    U: 2.85
    B: 3.10
    Resten av runda:
    Blackpool – Sheffield United: Blackpool-fansen har det artig om dagen. Tre strake sigre og tidvis veldig artig fotball. Deira store stjerne om dagen er midtbanespelar Josh Bowler og han var igjen sentral i 1-0 sigeren over Swansea i helga. Utrulig nok gjekk han mållaus av bana denne gangen men kunne takke ringreven Gary Madine for sigeren. Berre seks poeng opp til playoff og med 5-0-1 på heimekampene i 2022 kan det fort være eit håp. Sheffield United hadde ei ustabil veke sist. Først knuste dei Middlesbrough 4-1 heime i Sheffield, med blant anna Sander Berge-skåring. Han skåra også i helga då dei tok leiinga borte mot Coventry. Men etter kvart blei det tungt for laget frå stålbyen og dei reiste heim med 1-4 i sekken. Har store skade og sjukdomsplager og manager Paul Heckingbottom fortalte på pressekonferansen før denne kampen at omtrent 50% av stallen var ute. Har sjetteplassen på betre målforskjell, men vil fort misse den med poengtap her.
    Cardiff – Stoke: Til tross for berre 0-0 i heimekampen mot Preston i helga kan Cardiff være veldig fornøgd med formutviklinga i 2022. Berre tre tap på deira ti kampar i februar og mars. Heime har dei 4-2-1 på siste sju. Møter Stoke som sjølv mot Peterborough ikkje klarte å få med seg tre poeng til tross for å ta leiinga to gangar. Har no sju kampar utan siger og sesongen nærmar seg over. Det er svært skuffande både med tanke på korleis dei såg ut i haust samt forsterkningane i januar. Berre Lewis Baker levere om dagen. Midtbanespelaren står med seks mål på sine elleve første kampar for klubben.
    Coventry – Hull: Coventry stod for årets beste omgang då dei snudde 0-1 til 4-1 heime mot Sheffield United. Mark Robbins sitt mannskap elska å møte lag som ikkje legg seg djupt og dei takka og bukka for overgangane dei fekk. Victor Gyokeres utlikna og Matt Godden var tilbake frå lang tids skade og sette 4-1. Variere stort i prestasjonane sine men er berre tre poeng bak playoff. Hull tok eit poeng i den kjedelege 0-0 kampen i Birmingham i helga. Er eit lag som variere stort under deira nye manager, og man blir rett og slett ikkje heilt klok på dei. Ein av dei beste på Hull fram til McCann fekk sparken var Ryan Longman. Han er ute i kulden og ingen forstår kvifor.
    Luton – Preston:  Luton si formkurve tilsa at dei skulle slå QPR heime på søndag. Dei tok leiinga ved Cameron Jerome men enda til slutt opp med null poeng. Svært skuffande då dei igjen kunne tatt turen opp på playoff. Ligg no plassen bak med litt dårlegare målforskjell. Før tapet mot QPR hadde dei ikkje gått poenglause av eige gras sidan november. Kjem dei seg opp på hesten her? Preston ligg berre seks poeng bak og er blitt eit irriterande lag for mange. Dei har sidan starten av desember berre to tap og ein heil haug med uavgjortresultat. Heile åtte av deira siste 14 faktisk. Står med 3-3-0 på sine siste seks borte med blant anna siger mot WBA og Hull.
    Nottingham – QPR: Keinan Davis gjer ein solid jobb i fråværet til Lewis Grabban. Mot Reading sist skåra han både 1-0 og 2-0 på lekkert vis. Det blei til slutt ein enkel 4-0 siger og Forest har no 6-3-1 på sine ti kampar etter nyttår. Er to poeng bak playoff med ein kamp til gode. Så er spørsmålet om gullrota mot Liverpool til helga øydelegg for dei i ligaen. QPR snudde ein dårleg trend ved å sjølv snu bortekampen mot Luton i helga. Ein sterk prestasjon og dei beheld dermed sin fjerdeplass. Hadde før kampen tre strake tap på bortebane. Har det med å slå til når man minst venta det.
    Peterborough – Swansea: Spissen Jonson Clarke-Harris sikra Posh eit poeng heime mot Stoke i helga med sine to skåringar, det siste på overtid. Tok også med seg eit poeng frå den tøffe bortekampen mot Bournemouth få dagar før, då ved skåring av Jack Marriott. Det kan derfor hende at Grant McCann i løpet av sine fire kampar begynne å finne ut av ting. Det er nok for seint men ein siger her vil tenne gnist i håpet om å overleve. Sist siger kom 11 desember 2021. Det er på tide no. Swansea så ut til å ha funne formtoppen igjen men kom rett ned på jorda igjen mot Fulham og Blackpool i sine to siste. Tidvis utspelt og berre flaks hindra dei i å tape meir enn 0-1 mot Blackpool. Er for langt unna playoff og det handla no om å spele seg inn til neste sesong. Då kan ein slik kamp som dette passe bra.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen