Middlesbrough – West Bromwich: Tv-kamp mellom to lag med heilt ulik formkurve. Skal West Bromwich blande seg inn i kampen om opprykk må dei ta tre poeng her.
Middlesbrough gjekk på eit nokså uventa tap borte mot Bristol City i midtveka. Til tross for mesteparten av sjansane i den kampen fekk dei ikkje mål før Matt Crooks reduserte til 1-2 på overtid. Dermed kom deira andre bortetap på deira tre siste vekke frå Riverside. Heime har dei derimot gjort Riverside til eit fort. Seks strake sigre der dei sist feide Derby av bana med 4-1. Der fekk også Aaron Connolly sitt første mål for klubben etter overgangen frå Brighton i januar. Chris Wilder har uansett ingen plana om å la rekka stoppe no, for etter tapet i helga var Middlesbrough forbigått av Sheffield United og dermed ute av playoff-plassane igjen. Med siger her får dei i det minste låne den igjen fram til i morgon. Wilder vil nok fokusere på forsvarsspelet då dei kun har halde nullen i ein av sine ni siste kampar.
Då passa det kanskje bra at det er WBA som kjem på besøk. For dei skåra knapt mål. Sjølv etter inntoget av Steve Bruce har måla uteblitt. På dei tre kampane under han har dei skåra null mål og berre tatt eit poeng. Begge bortekampane mot Sheffield United og Luton har enda med 0-2. Med totalt fem kampar på rad utan skåringar har dei no falt som ein stein på tabellen og ligge no på ein ellevte plass. Det er tett som hagl så ei rekke med sigre vil kunne ta dei tilbake til playoff igjen, men med nedadgåande formkurve sidan starten av november ser det dårleg ut.
For Middlesbrough kan det hende at spissen Sporar får returnert etter sjukdom her, men mest truleg berre på benken. Mest sannsynleg vil Duncan Watmore returnere frå start her. Målskårar i helga Crooks er ute i denne grunna litt for mange gule kort. For gjestene er Jake Livermore fortsatt ute med suspensjon. I tillegg er deira nye spiss Daryl Dike fortsatt ute med skade.
Mogleg lagoppstilling:
Middlesbrough: Lumley; Dijksteel, Fry, McNair; Jones, McGree, Howson, Tavernier, Taylor; Watmore, Balogun
West Bromwich Albion: Johnstone; Ajayi, Bartley, Clarke; Furlong, Molumby, Mowatt, Townsend; Robinson, Diangana; Carroll
Odds, Norsk Tipping:H: 2.15
U: 3.20
B: 3.10
I tillegg blir desse fire kampane spelt tysdag:
Bristol City- Coventry: Ny råsterk siger for Bristol City og igjen var Andreas Weimann sentral. 16 mål og sju målgjevande denne sesongen etter både mål og målgjevande mot Boro. Nigel Pearson sin redningsmann i den vanskelege perioden. No ser det langt lysare ut for Bristol City som har vunne sine fire siste kampar. Ikkje bli overraska om Weimann, Chris Martin eller Antoine Semenyo ordna ny siger her. Den trioen ser berre betre og betre ut. Coventry på si side måtte vente heilt til overtid før dei kunne juble for tre poeng over Barnsley. Overtidsskåringa frå Dominic Hyam gjer at laget berre er to poeng unna playoff. Er litt ustabile og står med fire sigre, ein uavgjort og tre tap på sine siste åtte.
Hull – Barnsley: Hull har funne litt tilbake til seg sjølv etter eit par stygge smellar i starten av Arveladze si manager-karriere. Etter tre tap på rad har dei tatt to poeng på sine to siste bortekampar mot tøff mostand. Noko heldige mot Sheffield United men mot QPR fortjente dei absolutt minst eit poeng. Møter her tabelljumbo Barnsley som til tross for at dei fekk siger i sist heimekamp har ein lang veg opp. Hadde vore heldige om dei hadde fått med seg poeng mot Coventry sist. Har ikkje tatt tre poeng på bortebane i år.
Preston North End – Nottingham: Sjokktap for Preston som trudde dei skulle ta nye tre poeng heime mot Reading i helga. Våkna først på stillinga 0-3 og dermed blei det 2-3. Skot i baugen for opprykkshåpet som dei har klart å bygge opp til med sine gode prestasjonar dei siste to månadene. Hadde seks kampar på rad utan tap før Reading-kampen. Hadde berre tapt ein gang sidan seriepremiera heime på Deepdale. Blir det like mange tap på fire dagar som til no i sesongen? Det er mogleg for det er eit utkvilt og opprykksjagande Forest som kjem på besøk. Fekk ikkje spelt kampen mot Bournemouth i helga grunna stormen som herja. Til tross for det skuffande tapet mot Cardiff for eit par veker sidan har dei sett botnsolide ut både i liga og cup. Slo til med 2-0 borte mot Blackburn sist bortekamp. Kan med siger ta seg tilbake på playoff.
Reading – Birmingham: Endeleg kom sigeren for Reading, men få minutt seinare var manageren ferdig i klubben. Inn kom Paul Ince og han skal saman med sønnen skrape saman nok poeng i påvente av ny manager. Reading har hatt store skadeproblem denne sesongen men det er lys i tunnellen. Det fekk man merke ved at Lucas João var tilbake for fult sist. To mål i 3-2 sigeren over Preston. Kjekt for John Swift at han har spissar han kan stole på igjen. Også han på skåringslista igjen for andre gang på siste tre. Har berre fem poeng ned til Derby og Peterborough under streken og treng sårt tre poeng her. Birmingham kan fort finne på å tape ein slik kamp, men det ser langt lysare ut for Lee Bowyer og co no. Spelarane som kom inn i januar har gjort underverk for troppen og det merka man ved at tre av desse skåra i 3-0 sigeren over Luton sist heimekamp. I helga klarte dei 2-2 borte mot Stoke noko som også er ein sterk prestasjon. 17 år gamle Jordan James med sitt første mål for sesongen der.
Swansea – Bournemouth: Bournemouth fekk sin kamp mot Forest i helga avlyst grunna stormen som herja. No får dei nok ein kamp utsatt grunna stormen. Den gjorde såpass store skader på stadionanlegget til Swansea at det ikkje kan spelast kamp her i dag.