Luton – Queens Park Rangers: Tøff kamp mellom to lag som jakta ein av dei få ledige plassane i playoff. Før kampen ligg Luton på sjette og siste PO-plass. Berre poenget og plassen bak luska QPR som vil ta seg tilbake i topp seks etter ein heller dårleg periode.
Luton tok ein viktig og sterk bortesiger i midtveka då Coventry blei slått 1-0. Deira store spelar Elijah Adebayo blei matchvinnar og skåra for første gang på fem kampar. På Luton sine 13 kampar i ligaen i 2022 har dei berre tre tap. Alle tre på bortebane og bortsett frå det forferdelege tapet mot Birmingham er det mot opprykksrivalane Sheffield United og Middlesbrough. Heime på Kenilworth Road har dei berre gjett frå seg poeng i ein av sine seks siste kampar. Det var 0-0 oppgjeret mot Blackburn Rovers.
QPR var for kort sidan ein av outsiderane til direkte opprykk og playoff virka uansett veldig sannsynleg. Men fire tap på deira siste seks har tatt dei ut av playoff. Sist kamp blei det 1-2 heime mot Cardiff som dermed påførte dei sitt andre tap på rad. Det store problemet har vore angrepsrekka noko fire mål på desse seks kampane viser. Med Nottingham Forest borte i neste oppgjer kan det fort sjå stygt ut med to nye tap. Med tre bortetap på rappen så er det uansett på tide å snu skuta.
Mogleg lagoppstilling: Begge lag manglar sin faste keeper. I tillegg sonar Dion Sanderson sin siste kamp for QPR.
Luton Town: Palmer; Burke, Lockyer, Potts; Bree, Mpanzu, Campbell, Bell; Clark; Jerome, Adebayo
Queens Park Rangers: Marshall; Dickie, Dunne, Barbet; Odubajo, Field, Hendrick, Wallace; Willock, Chair; Gray
Odds, Norsk TippingH: 2.20
U: 3.00
B: 3.20