Etter Bristol Rovers sitt 1-3 tap mot Newport County på laurdag kom Joey Barton igjen i hardt vær. I intervju etter kampen samanlikna Barton prestasjonen til laget sitt med holocaust.
Barton uttalte at enkeltspelarar hadde “en holocaust, et mareritt, en absolutt katastrofe»
Dette har sjølvsagt skapt furore og sjølv etter skarp kritikk frå blant andre National Holocaust Centre og The Jewish Labour Movement, har Barton nekta å unnskylde seg for sine utsegn.
Rådmannen i Bristol, Fabian Breckels har også kritisert klubben for å ikkje ta ansvar, og meina Joey Barton burde vurdere stillinga si som manager.
Enn så lenge ser Joey Barton ut til å fortsette i jobben som Bristol Rovers manager, og utan straff frå FA som meina han ikkje har brote FA-reglene.