More

    Ipswich Town på managerjakt

    Paul Cook er ferdig som manager i Ipswich Town etter ni månader i jobben. Deira skuffande 0-0 resultat heime mot Barrow i FA-cupens andre runde i går var dråpen for eit lag som berre har to sigre på sine ni siste kampar i alle turneringar. Med berre ein siger, mot botnlaget Crewe, på sine fire siste i ligaen var dei også der i ferd med å miste segle akterut.
    Cook tok over for Paul Lambert i mars 2021 og i sommar fekk Ipswich nye eigarar. Det resulterte i massiv forsterkning av stallen, og dermed var laget favoritt til å rykke opp frå League One denne sesongen. Ein tøff start blei etterfølgt av betring i spel og resultat. Men i den seinare tid har det igjen gått litt tyngre for «The Tractor Boys»
    Etter 20 kampar ligg dermed Ipswich på ein svært skuffande 11.plass med sju poeng opp til playoff og elleve poeng opp til Rotherham på tabelltopp.
    278 dagar totalt blei det dermed for den tidlegare Portsmouth, Wigan og no Ipswich-manageren. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen