More

    Ipswich Town – Oxford United + litt anna

    Fleire kampar, inkludert Sunderland-Lincoln blei utsatt grunna landslagspausen.
    Men vi får nøye oss med desse seks kampane frå runde 17.
    Ipswich-Oxford United
    Ein av rundas to storkampar. Formlaget Ipswich tar imot Oxford i det som kan vise seg å bli ein særs viktig kamp for begge lag. Før oppgjeret ligg Ipswich på ein niandeplass med sine 23 poeng, og dermed berre fire poeng bak Oxford som innehar sjetteplass og siste playoff-plass. Ipswich sin krisestart på sesongen er no blitt erstatta av ei rekke sterke resultat. Forrige ligakamp stoppa dei det uslåelige heimelaget Wycombe ved å vinne 4-1. Bersant Celina slo der til med to mål og han begynne også å finne form. Berre eit tap på sine siste seks, og det kom borte mot Plymouth. Karl Robinson sitt mannskap i Oxford har hatt ein solid start på sesongen og står med 8-3-4 på sine første 15. Oxford har som Ipswich berre eit tap på sine siste seks, også det mot Plymouth. Eit stort minus for bortelaget er det at spanske Alex Gorrin skada seg stygt forrige helg. I ei angrepsrekke flust av spelarar som vil ha ballen i offensivt området kan det bli spennande å sjå korleis dei takla tapet av midtbanespelaren som nesten eine og aleine har stått for den forsvarande delen.
    Laga har møttest fire gangar sidan Ipswich tok turen ned til League One. På desse 360 minutta med fotball har vi berre fått servert eit mål, og det kom tilbake i Februar 2020 då Matty Taylor senka Ipswich. Men i dag må det bli annleis. Oxford og Ipswich er på toppen av formtabellen og skåra i snitt nesten tre mål per kamp. Manager Paul Cook og Karl Robinson kjenner kvarandre godt og begge spelar ein open fotball med ei haldning som tilseie at «Vi skal skåre meir enn dokke». Når vi samtidig veit at Ipswich har til gode å gå mållause av bana denne sesongen, ja då må det vel berre bli mål, vel?
    Kampen ser du på Viasport 2.
    Wycombe-Portsmouth
    Så kom tapet. Wycombe stod igjen som einaste laget i ligasystemet utan å gje frå seg poeng på heimebane. Det sa derimot full stopp førre kamp når Ipswich banka til med 1-4 på Adams Park. Dermed stoppa sigersrekka heime på seks sigre. Ligge uansett flott til på tabellen med sin fjerdeplass. I denne heimekampen møter dei eit Portsmouth det er vanskeleg å bli klok på. Laget til Danny Cowley er frykteleg ustabile. Frå 4-0 heime mot Sunderland til 0-4 heime mot Ipswich. Det er først og fremst på bortebane problema er, og der har dei ikkje vunne sidan første serierunde. Ligg på 14.plass med sju poeng opp til playoff.
    Accrington Stanley-Plymouth
    Accrington har spelt mange jamne kampar i ligaen denne sesongen. Har på sine to siste heimekampar 2-1 over Ipswich og 2-2 mot Portsmouth. Ligg på ein fin 12.plass med fem poeng opp til playoff. Harry Pell den store spelaren til no denne sesongen må håpe laget gjer det betre enn i FA-cupen forrige helg. Då blei det forferdelege 1-5 mot League Two-laget Port Vale. Plymouth har på si side imponert stort denne sesongen. Laget har ikkje tapt sidan første serierunde då Rotherham blei for sterke. Den feiande flotte fotballen har ført laget opp på andreplass, og sidan Wigan ikkje spelar denne helga kan det bli tabelltopp med siger her.
    Burton-Charlton
    Jimmy Floyd Hasselbaink sitt Burton tar imot formlaget Charlton på Pirelli Stadium. Heimelaget har berre to tap heime og har blant anna slått både Ipswich, Sunderland og Portsmouth her denne sesongen. Har berre fem poeng opp til playoff men har tapt tre av sine fem siste. Charlton starta sesongen forferdeleg under Nigel Adkins og dermed blei han fjerna etter berre to sigre på dei 13 første. Inn kom klubblegenda Johnnie Jackson og det har gitt to sigre og ein uavgjort. Dermed har nedrykksplass blitt bytta ut med håp om at sesongen fortsatt kan reddast. Men då trengs det tre poeng her.
    Milton Keynes-Cambridge
    MK har imponert stort denne sesongen til tross for at manageren reiste til Swansea før sesongstart. Ligge på plassen bak Oxford som innehar playoff. Tapte forrige heimekamp mot Rotherham 0-3 men hadde før dette 4-1-0 på siste fem heime. Møter her overraskinga Cambridge. Det nyopprykka laget har berre eit tap på sine siste seks og det har ført dei opp til ein tiandeplass og berre fem poeng opp til playoff. Den tidligare Norwich-helten Wes Hoolahan storspela denne hausten.
    Sheffield Wednesday-Gillingham
    Forrige heimekamp blei det endeleg fest på Hillsborough som fikk sjå laget knuse til med 3-0 over Sunderland. Det var viktig for før dette hadde uglene fire strake uavgjorte. Er fortsatt eit av favorittane til å rykke opp til tross for ein beskjeden åttande plass. Med siger her kan dei fort vere på playoff. Møter Gillingham som berre er poenget over nedrykk. Steve Evans sitt mannskap har derimot tatt fem poeng på sine tre siste noko som må gi litt tru inn mot denne tøffe bortekampen. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen