I vår gjennomgang av status i League One dei første ti rundene kom Ipswich dårlig ut, men i dag fikk dei ein etterlengte siger i det som eigentleg var ein botnkamp
Ipswich som måtte klare seg uten Bersant Celina som er opptatt med landslagsoppdrag, møtte i dag tabellnabo Shrewsbury til ein viktig kamp i botnen. Laget som før sesongen forsterka seg så kraftig at alle rekna med ein kamp i toppen av tabellen låg før kampen like over nedrykksstreken. Heime på Portman Road tok dei kommando fra start og etter åtte minutt hadde dei ballen i nettet, men Macauley Bonne blei avvinka for offside. Samme Bonne var sterkt delaktig i åpningsmålet når headinga hans blei mesterleg redda, på returen var Conor Chaplin på allerten og banka inn 1-0. Det tok derimot ikkje lang tid før 1-1 var eit faktum. Ringreven Elliott Bennett fant Shaun Whalley som frå utsida av sekstenmeteren vakkert sendte ballen i krysset.
Ipswich slei i perioden etter utlikninga, men ti minutt ut i andreomgang skulle dei få sigersmålet sitt. Ein corner fra Lee Evans fant haudet til Bonne som stanga inn sitt niande for sesongen. Fleire mål blei det ikkje, og Ipswich tok ein sårt tiltrengt siger, som dermed tok dei heilt opp på 14.plass på tabellen. Med over 30 kampar igjen er det fortsatt håp om at Ipswich skal blande seg inn i toppen.
Eit anna lag som fikk ein tiltrengt siger var Sheffield Wednesday. Lee Gregory blei kampens einaste målskårar etter 67 minutt i deira 1-0 siger over Bolton. Med den sigeren legger dei seg poenget bak playoff, på same poengsum som dagens motstandar, Bolton.
Plymouth og Wycombe var dei to andre sigersherrene i dagens mini-runde. Plymouth slo til med 2-1 over Jimmy Floyd Hasselbainks Burton og låna dermed tabelltoppen med ein kamp meir spelt enn laga bak på tabellen. Wycombe vant 2-0 over Gillingham i ein kamp som blei avgjort dei første sju minutta. Andreplass på tabellen med like mange poeng som serieleiar Plymouth. Det er mogleg sjarmørlaget i fjorårets Championship kan ta turen opp igjen i mai.