Huddersfield-Coventry
13.30
Viasport 2
Det nærma seg jul og halvvegs ut i sesongen. Huddersfield har til tross for nokre dårlege resultat lagt seg høgt på tabellen. Sjølv om det berre er blitt eit poeng på deira tre siste kampar har dei berre fem poeng opp til playoff. Manager Carlos Corberan sitt mannskap har berre tatt ein siger på sine seks siste kampar noko som har tatt dei frå femteplass til ellevte plass på tabellen. I forrige kamp ute mot naboane frå Barnsley burde Huddersfield ha leda med både tre og fire før Barnsley stjal med seg eit poeng med si utlikning i andreomgang. Igjen fekk vi sjå litt av problemet til laget som berre skåra i overkant av eit mål per kamp. På heimebane har dei derimot gjort det bra sjølv om Middlesbrough blei for sterke sist. 13 av sist 18 moglege poeng har dei tatt der.
Coventry var og eit lag som for berre få runde sidan kjempa om å vere best blant dei nest beste. Etter deira 1-2 tap heime mot WBA sist, i ein kamp dei ikkje fortente noko i, har dei ramla utanfor playoff for første gang sidan august. Med berre ein siger på sine siste seks kampar ligg dei no på sjuandeplass med eit poeng opp til Stoke på playoff. På bortebane har Coventry strengt tatt vore svake heile hausten. Berre to sigre på sine første ti og kun åtte skåra mål har det blitt. I takt med den dårlege formkurva må svensken Victor Gyokeres nemnast, igjen. Han hadde ni mål på sine første elleve kampar for klubben, men står no med ti strake kampar utan mål. Kva som har skjedd der er det ingen som forstår.
I fjoråret enda begge kampane uavgjort, og med formkurva dei viser så er det ikkje overraskande om det same skjer igjen denne gangen.
Huddersfield får tilbake viktige Daniel Sinani etter sjukdom. Jordan Rhodes og Aron Rowe nærmar seg comeback etter langt skadefråvær og førstnemnte er tilbake på benken her. Coventry må håpa at terrieren Gustavo Hamer er tilbake. Han måtte forlate bana mot WBA sist.
Mogleg lagoppstilling:Huddersfield Town:Nicholls; Pearson, Lees, Colwill; Thomas, O’Brien, High, Toffolo; Holmes, Ward, KoromaCoventry City:Moore; Hyam, McFadzean, Rose; Kane, Sheaf, Kelly, Maatsen; O’Hare; Gyokeres, Godden
Odds, Norsk Tipping
H: 2.70
U: 3.05
B: 2.50
Resten av runda denne laurdagen:
Birmingham – Cardiff
Bournemouth – Blackburn
Derby – Blackpool
Hull – Bristol City
Luton – Fulham
Peterborough – Millwall
Preston North End – Barnsley
Stoke – Middlesbrough
Swansea – Nottingham Forest
West Bromwich – Reading
Runda blir avslutta mandag med Sheffield United-QPR